Du kan få dekt ulike opplæringstiltak som kan hjelpe deg til å bli meir sjølvhjelpt i dagleglivet.
Har du behov for å bli meir sjølvhjelpt og fungere betre i dagleglivet, kan du få stønad til opphald på folkehøgskole.
Er du synshemma, hørselshemma eller døvblind, kan du få stønad til tilpassingskurs. Krav om stønad sendast NAV lokalt. Her kan du også få fleire opplysningar om opplæringstiltaka.
Dei fleste søknadene blir avgjorde innan ein månad.
Som hovudregel kan du få dekt utgifter til inntil tre tilpassingskurs med tilhørande suppleringskurs. Utgifter til tilpassingskurs for pårørande (familie, slektningar og andre nærståande personar) kan også bli dekte.
Ein kan gi sjukepengar til den som må vere borte frå arbeidet for å delta på tilpassingskurs. Ein kan også gi opplæringspengar ved tilpassingskurs til den som har omsorga for barn med funksjonshemmingar.
Folketrygda kan dekkje ekstrautgiftene for inntil to år på folkehøgskole til den som treng eit slikt opphald for å fungere betre i dagleglivet.