Det finst hjelpemiddel for deg med funksjonshemming som gjer at du kan gjennomføre ei utdanning.
Har du funksjonshemming og tek utdanning ut over vidaregåande nivå, eller mottek arbeidsavklaringspengar, kan du ha rett til hjelpemiddel. Hjelpemiddelet må ha ein klar samanheng med funksjonshemminga og vere nødvendig for å kunne gjennomføre utdanninga.
Er du student, kan du kontakte
for å få vurdert situasjonen. Mottek du arbeidssavklaringspenger, kan du kontakte lokalt NAV-kontor.
Når du eller nokon av dine nærmaste får behov for eit hjelpemiddel, tek de kontakt med kommunehelsetenesta der de bur. Helsetjenest i kommunen (fysioterapeut eller ergoterapeut) kan gi råd om val og utprøving av hjelpemiddel. Eventuelle mål legges ved søknaden.
Er det behov for hjelp til utgreiing og utprøving, sender ein skjema for tilvisning til NAV Hjelpemiddelsentral. Aktuelt hjelpeskjema må fyllast ut og leggast ved.
Du kan få raskare svar dersom du sjølv skaffar den informasjonen som hjelpemiddelsentralen treng for å behandle søknaden.
Vedlegg til søknaden
Dersom søknaden dreier seg om datahjelpemiddel, skal du også leggje ved
Dei fleste søknadene blir avgjorde innan ein månad. Maksimal behandlingstid er seks månader.
Tilrettelegging av ein studieplass kan både vere eit hjelpemiddel og eit ergonomisk tiltak.
Eksempel på hjelpemiddel er leselist og programvare (som for eksempel syntetisk tale).
Støtta er avgrensa til praktisk tilrettelegging og gjeld ikkje pedagogiske tiltak.
Du kan få hjelpemiddel både heime og på studieplassen.
Hjelpemiddel blir gitt som utlån frå hjelpemiddelsentralen og skal leverast tilbake når utdanninga er slutt eller blir avbroten, eller dersom hjelpemiddelet av andre grunnar ikkje lenger er i bruk.
Dersom hjelpemiddelet finst på lager, blir det vanlegvis sendt til mottaksstaden i kommunen om lag to veker etter vedtaksdato. Ansvaret for å levere ut hjelpemiddelet ligg hos kommunen, og ein må rekne med noko ventetid. Dersom hjelpemiddelet må bestillast, kan det ta inntil fem veker. Hjelpemiddelet blir vanlegvis utlevert av hjelpemiddelsentralen i det fylket der utdanninga blir teken.