Eit grunnmønster er eit grunnriss av former og mål på kroppen og blir brukt når ein skal sy spesialklede. Du kan få stønad til begge delar dersom du har ei kroppsform som gjer at du ikkje kan bruke konfeksjonssydde klede med visse justeringar.
Du kan for eksempel ha feilstillingar i ryggen eller vere kortvaksen, eller ha avvikande kroppsform som gjer at butikkjøpte klede ikkje passar kroppen din. Overvekt blir ikkje sedd på som avvikande kroppsform.
Når du eller nokon av dine nærmaste får behov for eit hjelpemiddel, tek de kontakt med kommunehelsetenesta der de bur.
Er det behov for hjelp til utgreiing og utprøving, sender ein skjema for tilvisning til NAV Hjelpemiddelsentral.
Aktuelt hjelpeskjema må fyllast ut og leggast ved søknadsskjemaet.
Du kan få raskare svar dersom du sjølv skaffar den informasjonen NAV treng for å behandle søknaden.
Vedlegg til søknaden
Søknaden sender du til lokalt NAV-kontor.
Dei fleste søknadene blir avgjorde innan ein månad. Maksimal behandlingstid er seks månader.
For å få dekt utgifter til grunnmønsteret må det bli laga av ein som har fullført spesialopplæring i konstruksjon av grunnmønster. Du kan også få dekt utgifter til endring av grunnmønster. Dette kan vere særleg aktuelt for barn med nedsett funksjonsevne.
Må alle kleda dine bli sydde etter grunnmønsteret, kan du få dekt utgiftene med inntil 1/5 av grunnbeløpet. Dersom du berre treng spesialsydde klede til anten overkropp eller underkropp, kan du få dekt utgifter med inntil 1/10 av grunnbeløpet. Utgiftene må dokumenterast.