Du kan få hjelpemiddel til personleg hygiene som gjer det lettare for deg å stelle deg sjølv.
Har du varig (meir enn to år) og vesentleg innskrenka funksjonsevne på grunn av ”sjukdom, skade eller lyte”, kan du få stønad til hjelpemiddel frå foketrygda.
Har du kortvarig behov for hjelpemiddel, må du be om hjelp frå kommunen.
Når du eller nokon av dine nærmaste får behov for eit hjelpemiddel, tek de kontakt med kommunehelsetenesta der de bur.
Er det behov for hjelp til utgreiing og utprøving, sender ein skjema for tilvisning til NAV Hjelpemiddelsentral
Aktuelt hjelpeskjema må fyllast ut og leggast ved søknadsskjemaet
Dei fleste søknadene blir avgjorde innan ein månad. Maksimal behandlingstid er seks månader. Du kan få raskare svar dersom du sjølv skaffar den informasjonen som hjelpemiddelsentralen treng for å behandle søknaden.
Det finst hjelpemiddel som gjer det lettare å dusje, gå på toalettet, kle på seg osv.
Eksempel:
Dersom hjelpemiddelet finst på lager, tek det vanlegvis to veker frå søknaden er behandla til hjelpemiddelet kjem til mottaksstaden i kommunen. Dersom vi må bestille hjelpemiddelet, kan det ta opp til fem veker.