Ortopediske hjelpemiddel omfattar protesar, ortosar og ortopedisk fottøy.
Ein protese er ei mekanisk eller teknisk innretning som skal erstatte heilt eller delvis tap av ein lekamsdel i eit rørsleorgan. I praksis dreier det seg om armprotesar og beinprotesar. Protesar som blir plasserte inne i kroppen ved hjelp av kirurgi, blir ikkje rekna som ortopediske hjelpemiddel etter lov om folketrygd.
Ein ortose skal erstatte, gjenopprette eller betre tapt funksjon i eit rørsleorgan. Eksempel på ortosar er ortopediske korsett og hjelpemiddel (skjener) som stabiliserer kne og/eller okler når lamming eller svekking har ført til stabiliseringsproblem. Spesiallaga fotsenger blir rekna som ortosar.
Ortopedisk fottøy er sko som er spesiallaga slik at dei skal avhjelpe funksjonsforstyrringar i fot- og okleregionen.
Ortopedisk fottøy kan vere individuelt laga til den enkelte brukaren, eller laga på fabrikk for ei diagnosegruppe/brukargruppe. Eksempel er diabetessko og revmatikarsko.
For å få støtte til å skaffe seg, fornye og halde ved like eit ortopedisk hjelpemiddel må ein ha ei varig (over to år) og vesentleg funksjonsforstyrring i støtte- og rørsleorgana. Hjelpemiddelet skal vere rekvirert av godkjend spesialist, som må stadfeste at det er nødvendig og tenleg.
Av og til kan det vere vanskeleg å avgjere om det er tenleg å ta i bruk eit ortopedisk hjelpemiddel, og om ho eller han som har eit problem i rørsleapparatet, har krav på å få stønad til eit ortopedisk hjelpemiddel.
Det er ikkje berre diagnosen og graden av funksjonsbortfall som avgjer om det vil vere tenleg å ta i bruk eit ortopedisk hjelpemiddel. Allmenntilstanden til brukaren og dei bruksområda hjelpemiddelet skal dekkje, speler også inn. Det er ved problem i rygg- og fotregionen at det oftast må givast ei særleg grundig grunngiving for krav på hjelpemiddel. Ved problem i desse regionane blir det ofte reist spørsmål om eit ortopedisk hjelpemiddel er tenleg eller ikkje. Den legen som i samråd med brukaren rekvirerer eit ortopedisk hjelpemiddel, må vurdere behovet. NAV-kontoret avgjer så om vilkåra for stønad er til stades og søknaden skal bli innvilga. Dersom NAV-kontoret avslår kravet, kan ein klage vedtaket inn til NAV Klageinstans.
For at ein skal kunne få stønad til ortopediske hjelpemiddel, må funksjonsforstyrringa vere varig og vesentleg. Hjelpemiddelet skal vere nødvendig for å oppretthalde eit vanleg funksjonsnivå. Hjelpemiddel som berre skal brukast til idretts- og mosjonsaktivitet, er ikkje omfatta av stønadsordninga. Meirutgifter til å skaffe seg hjelpemiddel som er dyrare enn nødvendig, blir heller ikkje dekte.
Det kan gjerast unntak for barn og ungdom under 26 år. Det kan da søkjast om hjelpemiddel til leik og idrettsaktivitet, slik at brukaren kan følgje jamaldringar i utviklinga si.
Som oftast vil ein vere i ein behandlingssituasjon når behovet for eit ortopedisk hjelpemiddel oppstår. Rutinane i behandlarapparatet vil da fange opp behovet for ortopediske hjelpemiddel.
I andre tilfelle kan behovet oppstå gradvis, og personen som har problemet, må da sjølv ta eit initiativ ved å søkje lege. Ein allmennlege kan vise vidare til ein spesialist som har rett til å rekvirere ortopediske hjelpemiddel. Det blir gitt stønad til nødvendig legeundersøking. Krav om stønad til ortopediske hjelpemiddel må setjast fram på ein blankett som er fastsett av NAV.
Legar som er spesialistar i ortopedisk kirurgi og fysikalsk medisin og rehabilitering, kan rekvirere alle typar hjelpemiddel.
Spesialistar i nevrologi og revmatologi kan rekvirere ortosar og ortopedisk fottøy ved nevrologiske og revmatologiske funksjonsforstyrringar. I tillegg har legar ved sjukehusavdelingar med behov for å rekvirere ortopediske hjelpemiddel høve til å fremje slike søknader. Brukaren kan sjølv søkje om ordinære fornyingar av ortopediske hjelpemiddel dersom ein ortopediingeniør stadfester at det ligg føre eit behov, og dersom legen har gitt fullmakt til slik fornying.
Når NAV-kontoret har gitt tilsegn om stønad, kan det ortopediske hjelpemiddelet tingast hos ein ortopedisk verkstad som har avtale med NAV om å lage ortopediske hjelpemiddel som folketrygda betaler. Brukaren kan sjølv velje kva for ein verkstad med avtale han vil nytte. NAV-kontoret vil, dersom det er nødvendig, gi opplysningar om dei nærmaste ortopediske verkstadene.
Ein ortopedisk verkstad skal ha ein offentleg godkjend ortopediingeniør som står fagleg ansvarleg for drifta, og verkstaden må ha tilsett tilstrekkeleg mange ortopediingeniørar, slik at måltaking og tilpassing av ortopediske hjelpemiddel blir gjort av kvalifisert personell. Sjølve produksjonen av dei ortopediske hjelpemidla blir til vanleg utført av ortopediteknikarar.
Når eit ortopedisk hjelpemiddel skal leverast, fører det oftast til at ein må møte fram ved verkstaden fleire gonger. Ein skal ta mål og eventuelle avstøypingar til hjelpemiddelet, det skal prøvast og tilpassast i halvferdig stand, og til slutt skal det ferdige hjelpemiddelet utleverast og godkjennast.
Spesielt når ein skal ha eit hjelpemiddel for første gong, kan det vere nødvendig å møte fram for prøving og tilpassing fleire gonger, og det er behov for assistanse frå fysioterapeutar og ergoterapeutar når ein skal trenast opp til å bruke hjelpemiddelet. Når hjelpemiddelet er ferdig tilpassa, skal brukaren og ein ortopediingeniør skrive under på ein ferdigattest. Det som da blir stadfest, er at hjelpemiddelet er motteke, og at det er tenleg utført.
Det oppstår gjerne behov for justeringar, korrigeringar og reparasjonar. Brukaren må ta kontakt med den ortopediske verkstaden og gjere avtale om at slikt arbeid skal gjerast. Ved akutte problem er det vanlegvis mogleg å få ein avtale på kort varsel.
Når hjelpemiddelet er utlevert, er ikkje nødvendigvis alle problem over. Eit ortopedisk hjelpemiddel er berre ei kunstig erstatning for den tapte funksjonen, og vil med få unntak aldri kunne nærme seg det som er tapt med omsyn til nytteverdi og komfort. Huda blir gjerne utsett for belastningar på område der ho verken er van med – eller innretta for – å bli belasta. Musklar og muskelkraft er ofte borte, noko som må kompenserast av andre musklar og muskelgrupper. For nokre få skaper dette uoverkommelege hindringar, som gjer at dei aldri greier å meistre hjelpemiddelet, eller ønskjer å bruke det heile dagen. Dei aller fleste som får innvilga stønad til eit ortopedisk hjelpemiddel, har likevel stor nytte av det.
Etter amputasjonar er det vanleg med fantomkjensler, dvs. at ein føler at lekamsdelen som er borte, framleis er der. Dei fleste opplever ikkje noko negativt med denne kjensla, mange meiner også at det har ein positiv funksjon i høve til bruken av ein protese, Nokre få opplever fantomkjenslene så intense og plagsame at dei kan få karakter av smerter. Bruk av protese kan av og til auke ubehaget ved fantomkjensla for ei tid eller permanent.
Det er innført eigenbetaling for ortopedisk fottøy og fotsenger. Slike utgifter kan ikkje førast på kvitteringskortet for eigendelar.
Dersom ein godkjend yrkesskade er årsak til behovet for fotsenger, vil NAV lokalt refundere utlegga til eigenbetaling når kvittering bli lagd fram. Dersom ein godkjend yrkesskade er årsak til behovet for ortopedisk fottøy, vil NAV-kontoret refundere utlegga til eigenbetaling ved kjøp første gong. Ved kjøp seinare er det ordinær eigenbetaling.
NAV-kontoret kan opplyse kor stor eigenbetalinga er.
Eigenbetalinga er anten den delen av kostnaden som er høgare enn ein fast stønadssats, eller det kan vere fastlagde eigne satsar for eigenbetaling.
Sjå forskrift om Satsane for eigenbetaling og den faste stønadssatsen.
Du får dekt nødvendige reiseutgifter til nærmaste ortopediske verkstad. I praksis blir alle verkstader innanfor helseregionen rekna som nærmaste verkstad. Ein får vanlegvis berre dekt utgifter til billigaste reisemåte med rutegåande transportmiddel. Dersom helsetilstanden gjer det nødvendig å bruke dyrare transport, kan utgifter til drosje eller liknande bli dekte.
Kontakt lokalt NAV-kontor for nærmare opplysningar.