Utgifter til brystprotesar, ansiktsdefektprotesar og augeprotesar blir dekte fullt ut når det ligg føre rett til stønad. For parykkar er hovudregelen at ein gir stønad opp til ei øvre kostnadsgrense.
Brystprotesar
Det er i hovudsak kvinner som har fått fjerna eit bryst eller begge brysta som følgje av brystkreft, som får stønad til brystprotese. Rett til stønad har også dei som har fått fjerna bryst av andre årsaker, eller dersom eit bryst er mangelfullt utvikla. Unntaksvis kan også personar som er i ferd med å gjennomgå kjønnsskifteoperasjon, få stønad til brystprotesar. Det er etablert ei eiga ordning slik at leverandørar som er godkjende av NAV, kan sende rekningane direkte til NAV Helsetenesteforvaltning i din region.
Det er dei spesialiserte sjukehusmiljøa som formidlar kontakt med leverandørar av ansiktsdefektprotesar. Kunstig øyre blir rekna som ansiktsdefektprotese.
Augeprotesar kan vere laga av glas eller plastikk, dei kan ha standard utføring eller vere individuelt tilpassa. Folketrygda dekkjer utgiftene til augeprotese uavhengig av kva slags type protese som er vald. Når det er behov for å polere augeprotesar av plastikk, blir utgiftene til dette også dekte.
Når det blir lagt fram kvittering for kjøp av ein eller fleire parykkar, blir utgiftene dekte opp til ei fastsett øvre grense. Utgifter til kjøp av parykkar ut over denne grensa innanfor eit kalenderår må du dekkje sjølv. Personar med avvikande hovudform, dokumentert kontaktallergi og barn under 18 år kan få dekt utgifter til kjøp av parykk ut over den ordinære kostnadsgrensa etter spesielle reglar. Unntaksvis kan også personar som er i ferd med å gjennomgå kjønnsskifteoperasjon, få stønad til parykk.
NAV-kontoret dekkjer nødvendige reiseutgifter til nærmaste leverandør av kosmetiske hjelpemiddel. Dekninga er vanlegvis avgrensa til billigaste reisemåte med rutegåande transportmiddel. Dersom helsetilstanden gjer det nødvendig å nytte dyrare transport, kan utgifter til drosje eller liknande bli dekte. Les meir om reiseutgifter.