Det er mange måtar å leggje til rette ein arbeidsplass på. Somme gonger kan det vere behov for å tilpasse arbeidstida eller arbeidsoppgåver, andre gonger kan det vere fysiske forhold som kan forbetrast.
NAV kan tilby hjelp til å finne ergonomiske løysingar på arbeidsplassen. Det inneber alle former for tilrettelegging av oppgåver og miljø. Innan industri og næringsliv er ergonomi eit fagfelt i livleg utvikling.
Utforming som gjer at flest mogleg kan utføre ein oppgåvetype, kallar vi gjerne universell eller inkluderande design.
Døme: Mange med synsproblem har vanskeleg for å lese telefonkatalogen. På arbeidsplassen kan dette løysast ved å velje telefonkatalog på nett, slik at den enkelte kan tilpasse skriftstorleiken.
Der universell design ikkje strekkjer til, er det behov for individtilpassa løysingar. For at slike løysingar skal bli gode, er det nødvendig at arbeidstakaren deltek i tilpassinga.
Fordommar så vel som manglande kunnskap kan dessverre hindre rehabilitering. Psykiske lidingar treng ikkje vere til hinder for å vere i arbeid, men kan gjere at det er behov for spesiell tilrettelegging. Det er først ved den konkrete utprøvinga av arbeidsplassen at det er mogleg å finne fram til den varige arbeidskapasiteten og dermed gode og varige løysingar. Gode løysingar kan vere kontor nærmare utgangen, ope kontorfellesskap eller liknande.
Lèt ein dette utviklingsarbeidet skje ope, kan det bli eit effektivt tiltak for å motverke fordommar om psykiske lidingar og gi relevant kunnskap.
Det er ofte behov for problemløysande tiltak av mange slag. Enkelttiltaka må ein arbeide fram som heilskap og dei må passe godt saman.
Når eit nybygg blir planlagt, er det naturleg å installere heis, ha breie døropningar, terskelfrie løysingar, standard kontorutstyr som er regulerbart og fleksibelt og tilrettelagt sanitærutstyr.