Du kan få hjelp til å få lagt til rette arbeidsplassen din slik at du kan behalde jobben, eller komme deg ut i arbeid sjølv om du har nedsett funksjonsevne. Tilrettelegginga kan bestå av gjenstandar eller personleg assistanse.
Både arbeidstakarar og sjølvstendig næringsdrivande kan ha rett til tilrettelegging av arbeidsplassen.
Er du arbeidstakar og ønskjer å finne ut kva som kan gjerast på arbeidsplassen din, kan du og arbeidsgivaren ta kontakt med
Er du sjølvstendig næringsdrivande kan du ta kontakt med ditt NAV-kontor eller hjelpemiddelsentralen for å få informasjon om korleis du kan søkje, og kva for dokumentasjon du må skaffe.
Er du på yrkesretta attføring, tek du kontakt med ditt NAV-kontor.
Dersom du er uføretrygda og ønskjer hjelp til å få vurdert utsiktene til å komme i arbeid, kan du kontakte ditt NAV-kontor.
Ei arbeidsplassvurdering kan også kjøpast frå godkjende fysioterapeutar eller ergoterapeutar som NAV lokalt har avtale med.
Er det behov for hjelp til utgreiing og utprøving, sender ein skjema for tilvisning til NAV Hjelpemiddelsentral
Aktuelt hjelpeskjema må fyllast ut og leggast ved søknadsskjemaet
Du kan få raskare svar dersom du skaffar den informasjonen som hjelpemiddelsentralen treng for å behandle søknaden.
Vedlegg til søknaden
Tilleggsdokumentasjon for sjølvstendig næringsdrivande:
Dei fleste søknadene blir avgjorde innan ein månad. Maksimal behandlingstid er seks månader.
Dersom du har behov for opplæring i bruk av hjelpemiddelet, må det gå fram av søknaden korleis dette skal gjennomførast og kven som er ansvarleg.
Både arbeidstakar og arbeidsgivar evaluerer tiltaket og gir melding dersom det er behov for endring.
Hjelpemiddelet kan lånast ut eller givast som eit tilskott.
Dersom du får låne eit hjelpemiddel, skal det leverast tilbake når du ikkje treng det lenger. Sentralen har ansvaret for reparasjon og vedlikehald i utlånstida.
Dersom hjelpemiddelet finst på lager, blir det sendt til mottaksstaden i kommunen om lag to veker etter at vedtaket er gjort.
Ansvaret for å levere ut hjelpemiddelet ligg hos kommunen, og du må rekne med litt ventetid. Dersom vi må bestille hjelpemiddelet, kan det ta inntil fem veker.
Video om tilrettelegging av arbeidsplassen kan ein få kjøpt ved å vende seg til Granada, tlf. 69 21 31 40.