Det finst hjelpemiddel som gjer det mogleg for barn og unge å utfalde seg og utvikle og betre funksjonsevna.
Barn og unge under 26 år kan få hjelpemiddel til trening og stimulering for å halde ved lag og/eller betre motorisk og kognitiv funksjonsevne.
Føresetnaden er at du har varig og vesentleg nedsett funksjonsevne. Hjelpemiddel til leik og sport må vere nødvendig og føremålstenleg for normal aktivitet og utvikling. Det blir lagt stor vekt på dei individuelle behova til den enkelte.
Når du eller nokon av dine nærmaste får behov for eit hjelpemiddel, tek de kontakt med kommunehelsetenesta der de bur.
Er det behov for hjelp til utgreiing og utprøving, sender ein skjema for tilvisning til NAV Hjelpemiddelsentral. Aktuelt hjelpeskjema fyllast ut og leggast ved søknadsskjemaet
Dei fleste søknadene blir avgjorde innan ein månad. Du kan få raskare svar dersom du sjølv skaffar den informasjonen hjelpemiddelsentralen treng for å behandle søknaden.
Sjå eksempel nedanfor.
Hjelpemiddel i avlastingsbustad er eit kommunalt ansvar.
I hovudsak dekkjer folketrygda berre spesialsyklar som:
Det skal alltid vurderast om nødvendig ekstrautstyr kan monterast på ein vanleg sykkel. I slike tilfelle må du sjølv kjøpe sykkelen, men du får støtte til ekstra utstyr.Vaksne over 26 år kan også søkje om stønad til tandemsykkel etter Folketrygdlova kap. 5 (Rundskriv til §5-22). Søknaden skal sendast til lokalt NAV-kontor.
Pulk som er spesielt laga eller tilrettelagd for funksjonshemma kan også bli dekt.Det skal alltid vurderast om støtteinnretningar for rygg, sete eller hovud kan monterast på vanleg utstyr. Vanleg pulk, kjelke eller skikjelke blir ikkje dekt til barn over ”barnevognalder” (3-4 år).
I Rundskriv §5-22 til Folketrygdloven opnast det for at det kan gis bidrag til å dekkje utgifter til terapiriding for barn med alvorleg funksjonshemming både motorisk og kognitivt. Terapiridinga må gå føre seg i ein rideskole under leiing av fysioterapeut eller mensendiecklærar. Les meir på HELFO sine sider
Barn med store funksjonshemmingar som ikkje har høve til normal sosial fungering og som er hindra i å delta i aktivitetar som jamaldringar deltek i, kan få støtte til datahjelpemiddel og programvare som aktiviseringsmiddel.
Dersom hjelpemiddelet er på lager, tek det vanlegvis to veker frå søknaden er behandla til hjelpemiddelet kjem til mottaksstaden i kommunen. Må vi bestille hjelpemiddelet, kan det ta opp til fem veker.