Kassebil blir brukt når du skal inn i bilen sitjande i rullestol ved hjelp av heis eller rampe.
Stønaden blir gitt som rente- og avdragsfritt lån. Du får dekt den delen av bilprisen som er over 150 000 kroner. Dei første 150 000 kronene blir behovsprøvde mot inntekta du og eventuelt ektefellen har.
Du får stønad til den rimelegaste bilen som er føremålstenleg for deg. I utgangspunktet blir det gitt stønad til ein bruktbil frå hjelpemiddelsentralen. Dersom dette ikkje er mogleg, kan du få stønad til ein ny bil. NAV Arbeids- og velferdsdirektoratet har innkjøpsavtale med bilforhandlarar om enkelte bilmerke.
Ønskjer du å kjøpe ein dyrare bil enn du har fått stønad til, må du velje blant dei bilmerka som er omfatta av innkjøpsavtalen. Du må sjølv betale prisdifferansen både når det gjeld sjølve bilen, avgifter og eventuelt tilpassing av bilen. Det er hjelpemiddelsentralen som bestiller bilen, og du må derfor ikkje kjøpe bil sjølv.
Når du får stønad, skriv du under på eit gjeldsbrev og ei salspanterklæring som fører til store avgrensingar i råderetten over bilen. Bilen må vere minst elleve år før du kan få ny stønad.