Du kan få hjelpestønad dersom du har eit særskilt behov for pleie og tilsyn på grunn av sjukdom, skade eller ei medfødt funksjonshemming.
Det er ein føresetnad at du har eit privat pleieforhold, eller at hjelpestønaden set deg i stand til å opprette eit slikt privat pleieforhold. Når vi vurderer hjelpebehovet, legg vi òg vekt på behovet for stimulering, opplæring og trening i heimen.
Det vil seie at pleia eller tilsynet blir utført av private, til dømes
Du må søkje skriftleg om hjelpestønad. Du søkjer på skjemaet ”Krav om hjelpestønad – NAV 06-03.04”, som du finn under Skjema i menyen til høgre.
Når du har valt skjema, kjem du til skjemarettleiaren. I denne rettleiaren skal du krysse av for kva vedlegg og kva slags dokumentasjon du må leggje ved søknaden. Du får òg opp ei førsteside. For at NAV skal kunne behandle søknaden din raskt og effektivt, ber vi deg om å sende inn det som står nemnt på førstesida. Legg førstesida øvst i brevet.
Det er viktig å få fram i søknaden at du har eit privat pleieforhold, eller at hjelpestønaden vil gi deg høve til å opprette det.
Innhenting av legeerklæring og eventuelt andre rapportar, til dømes frå PPT eller skule
Utgiftene må minst svare til sats 1 (ordinær hjelpestønad).
Avgrensingar
Hjelpebehov som det offentlege dekkjer etter andre lover, til dømes heimesjukepleie, kan ikkje dekkjast av hjelpestønad. Det gjeld sjølv om du må betale eigendel til kommunen for tenesta. Dersom du er hjelpetrengande og ikkje har klart å få i stand eit pleieforhold på grunn av svak økonomi, kan du likevel få hjelpestønad. Føresetnaden er at du då får i stand eit pleieforhold når hjelpestønaden blir utbetalt.
Hjelpestønaden er skattefri og blir utbetalt ein gong i månaden.
Satsane gjeld frå 1. januar 2012.
|
Sats
|
Beløp per år
|
Beløp per månad
|
Kommentar
|
|---|---|---|---|
| 0 | 12 624 kr. | 1 052 kr. | Til hjelp i huset (Stønaden opphøyrt, innvilgast ikkje for nye søknader etter 01.01.92.) |
| 1 | 13 572 kr. | 1 131 kr. | Tilsyn og pleie |