Du kan få grunnstønad for å dekkje – heilt eller delvis – ekstrautgifter som er oppstått på grunn av sjukdom, skade eller medfødde feil og misdanningar (lyte).
Kven kan få grunnstønad?
Du kan ha rett til grunnstønad dersom du har nødvendige ekstrautgifter på grunn av varig sjukdom, skade eller medfødde feil og misdanningar (lyte). Ekstrautgifter vil seie utgifter som friske personar ikkje har. Du kan ikkje få grunnstønad til eingongsutgifter, men til utgifter som stadig vender tilbake.
Kva kan du få?
Du kan få dekt ekstrautgifter til
Du får ikkje dekt utgifter til transport dersom funksjonsevna blir nedsett etter at du har fylt 70 år. ”Ekstra” transport vil seie at du må bruke annan og dyrare transport enn andre som bur på same staden. Elles er det inga aldersgrense for å ha rett til grunnstønad.
Du kan ikkje få grunnstønad til å kjøpe protesar og støttebandasjar, men til å dekkje utgifter i samband med bruken av dei.
Grunnstønad blir gitt etter seks satsar. Ekstrautgiftene må minst tilsvare grunnstønad sats 1.
Spesielt om fordyra kosthald
Alle krav skal behandlast individuelt. Enkelte diagnosar, til dømes cøliaki, gir rett til grunnstønad etter fastsette satsar utan nærmare dokumentasjon av ekstrautgiftene. For andre diagnosar som inneber matintoleranse og fordyra kosthald til diett, må ekstrautgiftene vurderast konkret.
Ekstrautgifter på grunn av slitasje på klede og sengeklede omfattar òg sko og støvlar. Slike ekstrautgifter oppstår anten fordi du må vaske kleda uvanleg ofte, eller fordi sjølve bruken medfører ekstra slitasje.
Korleis søkjer du?
Du må søkje skriftleg om grunnstønad. Du søkjer på skjemaet ”Krav om grunnstønad – NAV 06-03.04”, som du finn under Skjema i menyen til høgre.
Når du har valt skjema, kjem du til skjemarettleiaren. I denne rettleiaren skal du krysse av for kva vedlegg og kva slags dokumentasjon du må leggje ved søknaden. Du får òg opp ei førsteside. For at NAV skal kunne behandle søknaden din raskt og effektivt, ber vi deg om å sende inn det som står nemnt på førstesida. Legg førstesida øvst i brevet.
Innsending av dokumentasjon
Når blir pengane utbetalte?
Grunnstønaden er skattefri og blir utbetalt ein gong i månaden.
Dersom du får endringar i forhold som kan ha verknad for ytelsen du får utbetalt fra NAV, må du straks melde frå til NAV.
Satsane gjeld frå 1. januar 2012.
|
Sats
|
Beløp per år
|
Beløp per månad
|
|---|---|---|
| 1 | 7 572 kr. | 631 kr. |
| 2 | 11 568 kr. | 964 kr. |
| 3 | 15 180 kr. | 1 265 kr. |
| 4 | 22 356 kr. | 1 863 kr. |
| 5 | 30 312 kr. | 2 526 kr. |
| 6 | 37 860 kr. | 3 155 kr. |