Barn under 18 år som har eit pleie- og tilsynsbehov som er vesentleg større enn det som blir dekt av ordinær hjelpestønad, kan få utvida hjelpestønad.
Det er ein føresetnad at utvida hjelpestønad gjer det lettare for barnet å bli buande heime.
Ved vurderinga av pleie- og tilsynsbehovet og kva satsen skal vere, blir det lagt vekt på
Det er den totale arbeidsbelastinga til den som utfører pleia/tilsynet, som er avgjerande, ikkje omfanget av utgifter til leigd hjelp eller inntektstap som følgje av pleiebyrda.
Dersom barnet døyr, har foreldra til barn som har fått hjelpestønad i minst tre år, rett til hjelpestønad i ein overgangsperiode på tre månader etter at det ikkje lenger er behov for tilsyn og pleie.
Utvida hjelpestønad blir gitt etter tre satsar.
Du må søkje skriftleg om utvida hjelpestønad. Du søkjer på skjemaet ”Krav om hjelpestønad – NAV 06-04.04”, som du finn under Skjema i menyen til høgre.
Når du har valt skjema, kjem du til skjemarettleiaren. I denne rettleiaren skal du krysse av for kva vedlegg og kva slags dokumentasjon du må leggje ved søknaden. Du får òg opp ei førsteside. For at NAV skal kunne behandle søknaden din raskt og effektivt, ber vi deg om å sende inn det som står nemnt på førstesida. Legg førstesida øvst i brevet.
Legeerklæring som viser
Beskriving frå deg om omfanget av pleieoppgåva
Eventuelt òg andre rapportar, til dømes frå PPT eller skule
Hjelpestønaden er skattefri og blir utbetalt ein gong i månaden. Utvida hjelpestønad blir utbetalt til og med den månaden barnet fyller 18 år.
Dersom du får endringar i forhold som kan ha verknad for ytelsen du får utbetalt fra NAV, må du straks melde frå til NAV.
Satsane gjeld frå 1. januar 2012.
|
Sats
|
Beløp per år
|
Beløp per månad
|
Kommentar
|
|---|---|---|---|
| 2 | kr 27 144 | kr 2 262 | 2 gangar ordinær hjelpestønad |
| 3 | kr 54 288 | kr 4 524 | 4 gangar ordinær hjelpestønad |
| 4 | kr 81 432 | kr 6 786 | 6 gangar ordinær hjelpestønad |