Svangerskapspengar gir ein til friske gravide kvinner som ikkje kan halde fram i arbeidet under svangerskapet fordi det kan føre til risiko for skade på fosteret.
Du kan ha rett til svangerskapspengar dersom arbeidet eller forhold på arbeidsplassen medfører risiko for skade på fosteret. Det er eit krav at det ikkje er mogleg med omplassering eller tilrettelegging til anna arbeid.
Det gjeld til dømes
Du må ha vore i arbeid i minst fire veker for at du skal ha rett til svangerskapspengar. Inntekta di må på årsbasis utgjere minst halvparten av grunnbeløpet (G) i folketrygda. Svangerskapspengar blir gitt frå det tidspunktet du må avbryte arbeidet, og fram til tre veker før venta fødsel. Etter det får du foreldrepengar dersom du har opptent rett til det.
Dersom du kan redusere arbeidstida og dermed halde fram å vere i jobb, kan du få graderte svangerskapspengar. Dersom du ikkje kan arbeide under svangerskapet fordi du er sjuk, kan du ha rett til sjukepengar.
Du kan lese meir om rettar og plikter mellom arbeidstakar og arbeidsgivar på Arbeidstilsynet.no.
Det blir ikkje gitt stønad for inntekt over seks gonger grunnbeløpet.
Legen din eller jordmora di må alltid gjere ei medisinsk vurdering av risikoen for at fosteret kan bli skadd dersom du held fram i arbeidet.
Er du arbeidstakar, søkjer du på Arbeidstilsynet sitt skjema ”Omplassering/ tilrettelegging pga.graviditet” (nr.474 b). Lege/jordmor fyller ut sin del av skjemaet. Skjemaet tek du med til arbeidsgivaren din.
Dersom arbeidsgivaren din ikkje kan omplassere deg, skal han fylle ut sin del av skjemaet før du sender det til NAV.Til søknaden skal det følge med en førsteside, som du får laget i skjemaveilederen på nav.no.
Dersom arbeidsgivaren betaler ut full lønn i den perioden du har rett til svangerskapspengar, blir ei avkryssing om det på blanketten ”Inntektsopplysningar for arbeidstakar” - NAV 08-30.01 rekna som krav om refusjon frå folketrygda. Eit vilkår for refusjonen er likevel at også arbeidstakaren til rett tid set fram eige krav om svangerskapspengar.
Det blir ikkje gitt ytingar for lengre tid tilbake enn tre månader før du søkjer. Dersom du søkjer seinare, blir utbetalinga redusert.
Er du sjølvstendig næringsdrivande eller frilansar, søkjer du på skjemaet ”Krav om svangerskapspengar til sjølvstendig næringsdrivande og frilansar” - NAV 14-04.10. Både du og lege/jordmor må fylle ut skjemaet.
Du må beskrive forholda ved arbeidssituasjonen din som du meiner inneber risiko for fosteret. Samtidig må du gi ei vurdering av høvet for å leggje arbeidet til rette slik at du unngår den risikofylte situasjonen.
Når du har valgt skjema kommer du til skjemaveilederen. I denne veilederen skal du krysse av for hvilke vedlegg og hva slags dokumentasjon du må legge ved søknaden. Du får også opp en førsteside. For at NAV skal kunne behandle søknaden din raskt og effektivt, ber vi deg sende inn det som står nevnt i førstesiden. Legg førstesiden øverst i brevet.
Du får ikkje dekt for lengre tid tilbake enn tre månader før du søkjer. Dersom du søkjer seinare, blir utbetalinga tilsvarande redusert.
Når blir pengane utbetalte?
Svangerskapspengar blir utbetalte ein gong per månad og er skattbar inntekt.
|
Jan.
|
Feb.
|
Mar.
|
Apr.
|
Mai
|
Jun.
|
Jul.
|
Aug.
|
Sep.
|
Okt.
|
Nov.
|
Des.
|
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 25 | 23 | 23 | 25 | 24 | 25 | 25 | 23 | 25 | 24 | 23 | 13 |