Lova er endra igjen frå 1. juli 2011. Fedrekvoten blir utvida til 12 veker, og far får rett til foreldrepengar dersom mor får uførepensjon. I tillegg blir den totale stønadstida forlenga med ei veke.
Det er fødselsdatoen eller datoen for omsorgsovertakinga ved adopsjon som avgjer om lovendringane har noko å seie for deg.
Lovendringa inneber at det ikkje er eit krav til at mor må ha arbeidd minst 50 prosent før fødselen eller adopsjonen for at far skal ha rett til fedrekvote. Det er likevel eit vilkår at mor må ha rett til foreldrepengar, dvs. at ho må ha arbeidd i minst seks av dei ti siste månadane før fødselen eller adopsjonen og på årsbasis tent minst tilsvarande halvparten av grunnbeløpet. Lovendringa gjeld for tilfelle der fødselen eller datoen for omsorgsovertakinga ved adopsjon er 1. juli 2010 og seinare.
Lovendringa inneber at den totale stønadsperioden ved fødsel blei forlenga med to veker til 46 veker ved 100 prosent foreldrepengar og 56 veker ved 80 prosent foreldrepengar. Tilsvarande blei stønadsperioden ved adopsjon forlenga til 43 og 53 veker. Fedrekvoten blei utvida med fire veker til ti veker.
Utvidinga av stønadsperioden gjeld for tilfelle der fødselen eller datoen for omsorgsovertakinga ved adopsjon var 1. juli 2009 og seinare.
Se kva for reglar som er aktuelle for deg?