Lengda på stønadsperioden er avhengig av om begge foreldra har rett til foreldrepengar, om berre mor har rett, om berre far
har rett, om mor har åleineomsorg for barnet eller far har åleineomsorg for barnet. I tillegg er stønadsperioden lengre ved
ein fleirbarnsfødsel.
Nedanfor finn du meir informasjon om dei ulike lengdene på stønadsperioden og om det gjeld spesielle vilkår for uttak av foreldrepengar i periodane.
Når både mor og far har rett til foreldrepengar
Når foreldra bur saman og begge har rett til foreldrepengar (arbeidd seks av de siste 10 månedane), er stønadsperioden 44 veker med 100 prosent dekningsgrad og 54 veker med 80 prosent dekningsgrad. Stønadsperioden startar seinast tre veker før termindatoen. Dersom desse vekene ikkje blir tekne ut eller fødselen skjer for tidleg, blir stønadsperioden tilsvarande kortare. Vekene før fødselen kan ikkje overførast til perioden etter fødselen. Stønadsperioden kan starte opptil 12 veker før termindatoen, men då blir stønadsperioden etter fødselen tilsvarande kortare.
Visse veker av stønadsperioden er øyremerkte mor, og visse veker er øyremerkte far. Veker som ikkje er øyremerkte mor eller far, kan foreldra dele.
Dersom stillingsprosenten til mora før fødselen var 50 prosent eller meir, er
Dersom stillingsprosenten til mora før fødselen var mindre enn 50 prosent, er
Når berre mor har rett til foreldrepengar
Når foreldra bur saman, men berre mor har arbeidd seks av dei siste ti månadane før fødselen, er stønadsperioden 44 veker med 100 prosent dekningsgrad og 54 veker med 80 prosent dekningsgrad. Mor får heile perioden aleine, med mindre far opparbeider seg rett mens mor tek imot foreldrepengar, slik at han har arbeidd seks av dei siste ti månadane før stønadsperioden hans tek til.
Når berre far har rett til foreldrepengar
Når foreldra bur saman, men berre far har arbeidd seks av dei siste 10 månadane før fødselen, er stønadstida 29 veker med 100 prosent dekningsgrad og 39 veker med 80 prosent dekningsgrad. Det er trekt frå veker som er reserverte mor (tre veker før og seks veker etter fødselen) og fedrekvoten (seks veker). Det blir stilt spesielle krav til mor når far skal ta ut foreldrepengar som ikkje er fedrekvoten, sjå nedanfor. Mor kan ha rett til eingongsstønad.
Når mor er aleine om omsorga
Når mor har arbeidd seks av dei ti siste månadane før fødselen og bur aleine med barnet, er stønadstida 44 veker med 100 prosent dekningsgrad og 54 veker med 80 prosent dekningsgrad. Mor får heile perioden aleine. Det er ikkje fedrekvote.
Når far er aleine om omsorga
Når far har arbeidd seks av dei siste ti månadane før fødselen og bur aleine med barnet, er stønadstida 41 veker med 100 prosent dekningsgrad og 51 veker med 80 prosent dekningsgrad. Det er trekt i frå tre veker som er reserverte mor før fødselen.
Fleirbarnsfødsel
Spesielle krav til mor når far skal ta ut foreldrepengar
Når far skal ta ut foreldrepengar som ikkje er fedrekvote, er det ein føresetnad at mor
Dersom mor arbeider 75 prosent eller meir av full arbeidstid, kan far få foreldrepengar med utgangspunkt i at mor arbeider fulltid. Arbeider mor mindre enn 75 prosent av full arbeidstid, blir foreldrepengane til faren reduserte i tråd med reduksjonen i arbeidstida til mora. Dersom far ønskjer å arbeide fulltid for å utsetje perioden, er det eit vilkår at også mor arbeider eller studerer på fulltid. Det gjeld sjølv om mor ikkje har rett til foreldrepengar.