Nedanfor kan du lese meir om reglane som gjeld for fødsel som skjer 1. juli 2011 og seinare.
Lengda på stønadsperioden er avhengig av om begge foreldra har rett til foreldrepengar, om berre mor har rett, om berre far har rett, om mor har åleineomsorg for barnet eller far har åleineomsorg for barnet. I tillegg er stønadsperioden lengre ved ein fleirbarnsfødsel.
Her finn du meir informasjon om dei ulike lengdene på stønadsperioden og om det gjeld spesielle vilkår for uttak av foreldrepengar i periodane.
Når både mor og far har rett til foreldrepengar
Når foreldra bur saman og begge har rett til foreldrepengar, er stønadsperioden 47 veker med 100 prosent dekningsgrad og 57 veker med 80 prosent dekningsgrad. Stønadsperioden startar seinast tre veker før termindatoen. Dersom desse vekene ikkje blir tekne ut eller fødselen skjer for tidleg, blir stønadsperioden tilsvarande kortare. Vekene før fødselen kan ikkje overførast til perioden etter fødselen. Stønadsperioden kan starte opptil 12 veker før termindatoen, men då blir stønadsperioden etter fødselen tilsvarande kortare.
Visse veker av stønadsperioden er øyremerkte mor, og visse veker er øyremerkte far. Veker som ikkje er øyremerkte mor eller far, kan foreldra dele.
Slik er delinga:
Når berre mor har rett til foreldrepengar
Når foreldra bur saman, men berre mor har rett til foreldrepengar, er stønadsperioden 47 veker med 100 prosent dekningsgrad og 57 veker med 80 prosent dekningsgrad. Mor får heile perioden åleine. Far kan likevel opparbeide seg rett til foreldrepengar mens mor får foreldrepengar. Dersom foreldra ønskjer det, kan far gjere seg nytte av denne retten.
Når berre far har rett til foreldrepengar
Når foreldra bur saman, men berre far har rett til foreldrepengar, er stønadsperioden 38 veker med 100 prosent dekningsgrad og 48 veker med 80 prosent dekningsgrad. Vekene som elles ville vore øyremerkte mor (tre veker før og seks veker etter fødselen), er trekte frå. Det er med andre ord ikkje fedrekvote når berre far har rett til foreldrepengar. Det blir stilt spesielle krav til mor når far skal ta ut foreldrepengar som ikkje er fedrekvote – sjå nedanfor. Mor kan ha rett til eingongsstønad i tillegg til at far får foreldrepengar.
Når foreldra bur saman og mor får uførepensjon, kan far få foreldrepengar i 12 veker utan at det er spesielle krav til mor.
Når mor er åleine om omsorga for barnet
Når mor har rett til foreldrepengar og bur åleine med barnet, er stønadstida 47 veker med 100 prosent dekningsgrad og 57 veker med 80 prosent dekningsgrad. Mor får heile perioden åleine. Det er ikkje fedrekvote.
Når far er åleine om omsorga for barnet
Når far har rett til foreldrepengar og bur åleine med barnet, er stønadstida 44 veker med 100 prosent dekningsgrad og 54 veker med 80 prosent dekningsgrad.
Dersom mor har fått foreldrepengar før far blir åleine om omsorga, er stønadsperioden 47/57 veker avhengig av kva dekningsgrad som er vald. Dersom far blir åleine om omsorga for barnet etter at mor har fått foreldrepengar ei stund, kan far berre overta den resterande delen av stønadsperioden.
Fleirbarnsfødsel
Spesielle krav til mor når far skal ta ut foreldrepengar
Når far skal ta ut foreldrepengar som ikkje er fedrekvote, er det ein føresetnad at mor
Dersom mor arbeider 75 prosent eller meir av full arbeidstid, reknar ein mor for å arbeide fulltid. Far kan derfor i slike tilfelle få foreldrepengar med utgangspunkt i at mor arbeider fulltid. Arbeider mor mindre enn 75 prosent av full arbeidstid, blir foreldrepengane til faren reduserte i tråd med reduksjonen i arbeidstida til mora. Dersom far ønskjer å arbeide fulltid for å utsetje perioden, er det eit vilkår at også mor arbeider eller studerer på fulltid. Det gjeld sjølv om mor ikkje har rett til foreldrepengar.
De får eit barn til i stønadsperioden
Dersom de får eit barn til før stønadsperioden for det førre barnet er oppbrukt, mister de retten til å ta ut dei ubrukte vekene for det førre barnet. Derimot har de rett til full periode med foreldrepengar for det nyfødde barnet. Den nye perioden startar tre veker før termindatoen.