Nedanfor blir reglane som gjeld for adopsjon når datoen for omsorgsovertakinga var 30. juni 2009 og tidlegare omtalte.
Lengda på stønadsperioden er òg avhengig av om begge foreldra har rett til foreldrepengar, om berre mor har rett, om berre far har rett, om mor har aleineomsorg for barnet eller far har aleineomsorg for barnet. I tillegg er stønadsperioden lengre ved adopsjon av fleire barn samtidig. Nedanfor finn du meir informasjon om dei ulike lengdene på stønadsperioden, og om det gjeld spesielle vilkår for uttak av foreldrepengar i periodane.
Når både mor og far har rett
Når både mor og far har rett til foreldrepengar (arbeidd seks av dei siste ti månadene) er stønadsperioden 41 veker med 100 prosent dekningsgrad og 51 veker med 80 prosent dekningsgrad. Stønadsperioden tek til ved tidspunktet for omsorgsovertakinga eller datoen for adopsjon. Perioden er tre veker kortare enn ved fødsel, fordi stønadsperioden ved fødsel seinast tek til tre veker før termindato.
Både mor og far har visse veker av stønadsperioden reserverte seg. Veker som ikkje er reserverte mor eller far, kan foreldra dele. Dersom stillingsprosenten til mora før adopsjon var 50 prosent eller meir er
Dersom stillingsprosenten til mora før adopsjon var lågare enn 50 prosent stilling
Når berre mor har rett til foreldrepengar
Når foreldra bur saman, men berre mor har arbeidd seks av dei siste ti månadane, er stønadsperioden 41 veker med 100 prosent dekningsgrad og 51 veker med 80 prosent dekningsgrad. Mor får heile perioden aleine, med mindre far opparbeider seg rett mens mor tek imot foreldrepengar, slik at han har arbeidd seks av dei siste ti månadane før stønadsperioden hans tek til.
Når berre far har rett til foreldrepengar
Når foreldra bur saman, men berre far har arbeidd seks av dei siste ti månadane, er stønadstida 29 veker med 100 prosent dekningsgrad og 39 veker med 80 prosent dekningsgrad. Det er trekt frå veker som er reserverte mor (tre veker før og seks veker etter fødselen) og fedrekvoten. Det blir stilt spesielle krav til mor når far skal ta ut foreldrepengar som ikkje er fedrekvoten, sjå nedanfor. Mor kan ha rett til eingongsstønad.
Når mor er aleine om omsorga
Når mor har arbeidd seks av dei ti siste månadane før adopsjon og bur aleine med barnet, er stønadstida 41 veker med 100 prosent dekningsgrad og 51 veker med 80 prosent dekningsgrad. Mor får heile perioden aleine. Det er ikkje fedrekvote.
Når far er aleine om omsorga
Når far har arbeidd seks av dei siste ti månadane før adopsjon og bur aleine med barnet, er stønadstida 41 veker med 100 prosent dekningsgrad og 51 veker med 80 prosent dekningsgrad.
Adopsjon av fleire barn samtidig
Spesielle krav til mor når far skal ta ut foreldrepengar
Når far skal ta ut foreldrepengar som ikkje er fedrekvote, er det eit vilkår at mor anten:
Dersom mor etter adopsjonen arbeider minst 75 prosent av full arbeidstid, kan far få foreldrepengar ut i frå at mor arbeider full tid. Arbeider mor mindre enn 75 prosent av full arbeidstid, blir foreldrepengane til far reduserte tilsvarande reduksjonen i arbeidstida til mor. Dersom far ynskjer å arbeide fulltid for å utsetje perioden, er det eit vilkår at også mor arbeider eller studerer på fulltid. Dette gjeld sjølv om mor ikkje har rett til foreldrepengar.