Nedanfor blir reglane som gjeld for adopsjon når datoen for omsorgsovertakelsen er 1. juli 2011 og seinare omtalte.
Lengda på stønadsperioden er òg avhengig av om begge foreldra har rett til foreldrepengar, om berre mor har rett, om berre far har rett, om mor har aleineomsorg for barnet eller far har aleineomsorg for barnet. I tillegg er stønadsperioden lengre ved adopsjon av fleire barn samtidig. Nedanfor finn du meir informasjon om dei ulike lengdene på stønadsperioden, og om det gjeld spesielle vilkår for uttak av foreldrepengar i periodane.
Når foreldra bur saman og begge har rett til foreldrepengar, er stønadsperioden 44 veker med 100 prosent dekningsgrad og 54 veker med 80 prosent dekningsgrad. Stønadsperioden tek til ved tidspunktet for omsorgsovertakinga eller datoen for adopsjon. Perioden er tre veker kortare enn ved fødsel, fordi stønadsperioden ved fødsel seinast tek til tre veker før termindato.
Far har visse veker av stønadsperioden reserverte seg. Veker som ikkje er reserverte far, kan foreldra dele.
Slik er fordelinga:
Når foreldra bur saman, men berre mor har rett til foreldrepengar, er stønadsperioden 44 veker med 100 prosent dekningsgrad og 54 veker med 80 prosent dekningsgrad. Mor får heile perioden åleine. Far kan likevel opparbeide seg rett til foreldrepengar mens mor får foreldrepengar. Dersom foreldra ønskjer det, kan far gjere seg nytte av denne retten.
Når foreldra bur saman, men berre far har rett til foreldrepengar, er stønadsperioden 38 veker med 100 prosent dekningsgrad og 48 veker med 80 prosent dekningsgrad.. Det er ikkje fedrekvote når berre far har rett til foreldrepengar. Det blir stilt spesielle krav til mor når far skal ta ut foreldrepengar som ikkje er fedrekvote – sjå nedanfor. Mor kan ha rett til eingongsstønad i tillegg til at far får foreldrepengar.
Når foreldra bur saman og mor får uførepensjon, kan far få foreldrepengar i 12 veker uten at det er spesielle krav til mor.
Når mor har rett til foreldrepengar og bur åleine med barnet, er stønadstida 44 veker med 100 prosent dekningsgrad og 54 veker med 80 prosent dekningsgrad. Mor får heile perioden åleine. Det er ikkje fedrekvote.
Når far har rett til foreldrepengar og bur åleine med barnet, er stønadstida 44 veker med 100 prosent dekningsgrad og 54 veker med 80 prosent dekningsgrad.
Når far skal ta ut foreldrepengar som ikkje er fedrekvote, er det ein føresetnad at mor
Dersom mor arbeider 75 prosent eller meir av full arbeidstid, reknar ein mor for å arbeide fulltid. Far kan derfor i slike tilfelle få foreldrepengar med utgangspunkt i at mor arbeider fulltid. Arbeider mor mindre enn 75 prosent av full arbeidstid, blir foreldrepengane til faren reduserte i tråd med reduksjonen i arbeidstida til mora. Dersom far ønskjer å arbeide fulltid for å utsetje perioden, er det eit vilkår at også mor arbeider eller studerer på fulltid. Det gjeld sjølv om mor ikkje har rett til foreldrepengar.
Dersom de får eit barn til før stønadsperioden for det førre barnet er oppbrukt, mister de retten til å ta ut dei ubrukte vekene for det førre barnet. Derimot har de rett til full periode med foreldrepengar for det nyfødde barnet.