Foreldrepengar skal sikre inntekt for foreldre i samband med adopsjon. Lova blei endra 1. juli 2009 og frå 1. juli 2011. Lengda på stønadsperiodane er avhengig av datoen for omsorgsovertakinga.
Du kan få foreldrepengar dersom du har vore yrkesaktiv og har hatt pensjonsgivande inntekt i minst seks av dei ti siste månadene før stønadsperioden tek til. Inntekta på årsbasis må vere minst halvparten av grunnbeløpet i folketrygda. Likestilt med arbeid er periodar der du har fått
Også andre forhold kan likestillast med yrkesaktivitet. Det kan vere
Det blir ikkje gitt foreldrepengar ved adopsjon av barnet til ektefellen.
Er du arbeidstakar, blir foreldrepengane som hovudregel berekna etter inntekta du har når du går ut i permisjon. NAV vil likevel gjere ei konkret vurdering i kvar enkelt sak.
Arbeidstakarar har òg rett til feriepengar av foreldrepengane. De får som foreldre til saman feriepengar for dei 12 første vekene når de tek ut 100 prosent foreldrepengar. Dersom det er mor som tek ut dei første 12 vekene, er det berre ho som får feriepengar. Har de valt å ta ut 80 prosent foreldrepengar, får de til saman feriepengar for dei 15 første vekene. Dersom berre éin av dykk er arbeidstakar, får denne alle feriepengane.
Er du sjølvstendig næringsdrivande eller frilansar, blir foreldrepengane berekna på grunnlag av gjennomsnittet av den pensjonsgivande inntekta for dei tre siste åra. NAV vil likevel gjere ei konkret vurdering i kvar enkelt sak.
Du kan bruke Foreldrepengerettleiaren for å berekne kor mykje du kan få i foreldrepengar.
Du får ikkje stønad for den delen av inntekta som overstig seks gonger grunnbeløpet i folketrygda.
De kan velje om de vil ta ut 100 prosent eller 80 prosent foreldrepengar (òg kalla dekningsgrad). Valet gjeld for heile perioden og for dykk begge. Éi veke utgjer fem stønadsdagar. Det blir dermed ikkje utbetalt stønad for laurdagar og søndagar.
Dersom datoen for omsorgsovertakinga er 1. juli 2011 eller seinare, er stønadsperioden for foreldrepengar 44 veker med 100 prosent dekningsgrad eller 54 veker med 80 prosent dekningsgrad.
Dersom omsorgsovertakinga skjer 1. juli 2011 eller seinare, kan far få foreldrepengar i tolv veker når mor får uførepensjon.
Det er viktig å vere merksam på at totalutbetalinga for heile perioden ved 80 prosent dekningsgrad er litt lågare enn det som vil bli utbetalt ved 100 prosent dekningsgrad.
Stønadsperioden kan utsetjast
Dersom far ønskjer å utsetje fedrekvoten, må han søkje om det seinast siste dagen i den perioden som ikkje er øyremerkt ein av foreldra (fellesperioden).
Det blir ikkje gitt foreldrepengar etter at det er gått tre år etter datoen for omsorgsovertakinga. Barnet må vere under 15 år for at du skal kunne ha rett til foreldrepengar.
Du kan ta ut graderte foreldrepengar ved at du kan få delvis foreldrepengar i kombinasjon med delvis arbeid. Perioden med foreldrepengar blir forlengd ved at du får utbetalt litt mindre per dag over ein lengre periode. Sluttsummen er den same som om du ikkje hadde teke ut graderte foreldrepengar.
Tolv veker er øyremerkte far (fedrekvoten) dersom datoen for omsorgsovertakinga er 1. juli 2011 eller seinare. Resten av stønadsvekene er felles for begge foreldra (fellesperioden). Du finn meir informasjon om stønadsperioden for foreldrepengar under Relatert informasjon i høgremenyen.
Dersom far skal ta ut foreldrepengar som ikkje er fedrekvote, er det spesielle reglar som gjeld, ved at det blir stilt krav til mor. Meir om dette under Foreldrepengar til far ved fødsel og adopsjon i høgremenyen.
Dersom de får eit barn til før stønadsperioden for det første barnet er oppbrukt, mister de retten til å ta ut dei ubrukte vekene for det første barnet. Derimot har de rett til full periode med foreldrepengar for det andre barnet.
Du må søkje skriftleg om foreldrepengar. Det gjeld sjølv om du får full lønn frå arbeidsgivaren din i stønadsperioden. Du søkjer på skjemaet ”Søknad om foreldrepengar eller fedrekvote ved adopsjon” – NAV 14-05.06.
Dersom du søkjer om utsetjing av perioden på grunn av fulltidsarbeid eller ønskjer å kombinere foreldrepengar med jobb, skal du bruke skjemaet ”Utsetjing eller gradert uttak av foreldrepengar (fleksibelt uttak)” – NAV 14-16.05.
Når du har valt skjema, kjem du til skjemarettleiaren. I denne rettleiaren skal du krysse av for kva vedlegg og kva slags dokumentasjon du må leggje ved søknaden. Du får òg opp ei førsteside. For at NAV skal kunne behandle søknaden din raskt og effektivt, ber vi deg sende inn det som står nemnt på førstesida. Legg førstesida øvst i brevet.
For at NAV skal kunne berekne kva du skal få, må arbeidsgivaren din fylle ut blanketten ”Inntektsopplysningar for arbeidstakar” – NAV 08-30.01. Arbeidsgivaren skal òg fylle ut blanketten ”Trekkopplysningar” – NAV 08-30.02 dersom du som arbeidstakar har trekkpålegg og NAV skal betale ut foreldrepengar direkte til deg.
Dersom arbeidsgivaren din betaler ut full lønn i permisjonstida og kryssar av for det på inntektsopplysningsblanketten, og dessutan kryssar av for at han/ho krev foreldrepengane utbetalte til seg, blir det rekna som at arbeidsgivaren søkjer om refusjon frå folketrygda. Du som arbeidstakar må sjølv søkje om foreldrepengar for at arbeidsgivaren din skal få refusjon.
Du får ikkje foreldrepengar for lengre tid tilbake enn tre månader før det tidspunktet NAV fekk søknaden.
Dersom du får endringar i inntekt, familiesituasjon og/eller jobbsituasjon, eller skal opphalde deg i utlandet, kan det ha noko å seie for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du derfor straks melde frå til NAV-kontoret der du bur.
|
Jan.
|
Feb.
|
Mar.
|
Apr.
|
Mai
|
Jun.
|
Jul.
|
Aug.
|
Sep.
|
Okt.
|
Nov.
|
Des.
|
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 25 | 23 | 23 | 25 | 24 | 25 | 25 | 23 | 25 | 24 | 23 | 13 |