Som far kan du ha rett til foreldrepengar dersom du har hatt pensjonsgivande inntekt i minst seks av dei siste ti månadene før stønadsperioden tek til.
Lova blei endra 1. juli 2009 og 1. juli 2011 når det gjeld lengda på stønadsperioden. Vidare blei lova endra 1. juli 2010 når det gjeld vilkåret for fedrekvoten. Det er datoen for fødsel eller adopsjon som avgjer kva regelverk du kjem inn under. Nedanfor kan du lese meir om rettane dine som far når datoen for fødsel og adopsjon er 1. juli 2011 og seinare. Er barnet ditt født eller adoptert 30. juni 2011 eller tidlegare, finn du informasjon om lengda på stønadsperiodane under Relatert informasjon i høgremenyen.
Når begge foreldra har rett til foreldrepengar, er delar av den samla stønadsperioden øyremerkte mora, delar er øyremerkte deg som far, og delar er til valfri fordeling mellom dykk (fellesperioden). Nedanfor er det dine rettar som far som blir omtalte.
De kan velje om de vil ta ut 100 prosent eller 80 prosent foreldrepengar (òg kalla dekningsgrad). Valet gjeld for heile perioden og for dykk begge. Éi veke utgjer fem stønadsdagar. Det blir dermed ikkje utbetalt stønad for laurdagar og søndagar.
Det er viktig å vere merksam på at totalutbetalinga for heile perioden ved 80 prosent dekningsgrad er litt lågare enn det som vil bli utbetalt ved 100 prosent dekningsgrad.
Du må gjere deg nytte av retten til foreldrepengar – både fedrekvoten og fellesperioden – innan barnet fyller tre år (ved fødsel), eller innan tre år etter omsorgsovertakinga (ved adopsjon).
Dersom du som far ikkje har rett til foreldrepengar når barnet blir født eller adoptert, kan du opparbeide deg rett til foreldrepengar mens mor får foreldrepengar.
Du kan få foreldrepengar i opptil 38 veker med 100 prosent dekningsgrad, og 48 veker med 80 prosent dekningsgrad, ved fødsel og adopsjon. Dekningsgraden gjeld for heile perioden. Du har ikkje rett til fedrekvote når mor ikkje har rett til foreldrepengar.
Du kan tidlegast starte perioden med foreldrepengar seks veker etter fødselen. Når det gjeld foreldrepengar ved adopsjon, kan du ta til når du vil. For å få nytta alle vekene du har rett til, må du starte perioden med foreldrepengar seks veker etter fødselen eller adopsjonen.
Det blir stilt spesielle krav til mor når du skal ta ut foreldrepengar som ikkje er fedrekvote. Sjå avsnittet lenger nede: ”Kva gjer mor når du som far får foreldrepengar som ikkje er fedrekvote?”.
Når foreldra bur saman og mor får uførepensjon, kan far få foreldrepengar i tolv veker utan at det blir stilt spesielle krav til mor.
Dersom du er åleine om omsorga for barnet, kan du få foreldrepengar i opptil 44 veker med 100 prosent dekningsgrad, og 54 veker med 80 prosent dekningsgrad. Det gjeld både ved fødsel og adopsjon. Dekningsgraden gjeld for heile perioden. Dersom mor har fått foreldrepengar før du blir åleine om omsorga, kan du få foreldrepengar for perioden som står att.
Dersom de får meir enn eitt barn, blir stønadsperioden forlengd med fem/sju veker per barn. Dersom de begge har rett til foreldrepengar, blir vekene lagde til fellesperioden. Når det berre er du som har rett til foreldrepengar, blir perioden din forlengd med fem/sju veker.
Du kan avtale med mor at du kan avvikle delar av foreldrepengeperioden (fedrekvoten inkludert).
Det blir stilt krav til mor når du skal ha foreldrepengar som ikkje er fedrekvote, anten mor har rett til foreldrepengar eller ikkje. Kor mykje du kan få i foreldrepengar, er avhengig av kva mor gjer, og om ho gjer det på heiltid eller deltid.
Når du skal ha foreldrepengar som ikkje er fedrekvote, må mor gjere eitt av følgjande:
Dersom mor etter fødselen/omsorgsovertakinga arbeider minst 75 prosent av full arbeidstid, kan du få foreldrepengar som er berekna ut ifrå at mor arbeider full tid. Arbeider mor mindre enn 75 prosent av full arbeidstid, blir foreldrepengane dine reduserte tilsvarande reduksjonen i arbeidstida til mora.
Du har rett til fedrekvote når både du og mor har rett til foreldrepengar. Du kan òg opparbeide deg rett til fedrekvote mens mor får foreldrepengar.
Fedrekvoten kan du ta ut når som helst i stønadsperioden. Du kan likevel ikkje ta ut fedrekvote dei første seks vekene etter ein fødsel. Desse vekene er av medisinske grunnar øyremerkte mora.
Du kan ta ut fedrekvoten samanhengande eller velje fleksibelt uttak (foreldrepengar i kombinasjon med arbeid).
Du må ta ut fedrekvoten innan barnet fyller tre år (ved fødsel), eller innan tre år etter tidspunktet for omsorgsovertakinga (ved adopsjon).
Dersom du ønskjer å utsetje fedrekvoten, må du søkje om dette seinast siste dagen i fellesperioden. Søkjer du seinare, mister du stønadsdagar.
Når du tek ut fedrekvoten, kan mor velje om ho vil gå ut i inntektsgivande arbeid eller ikkje. Når du nyttar fedrekvoten, kan de samla ta ut opptil 150 prosent foreldrepengar. Det er då ein føresetnad at mor arbeider minst 50 prosent.
Dersom du på grunn av eigen sjukdom er heilt avhengig av hjelp for å ta deg av barnet, kan du søkje NAV om å få utsett uttaket av foreldrepengane/fedrekvoten. I slike tilfelle kan du og mor òg søkje om at mor skal overta foreldrepengane/fedrekvoten. Ein føresetnad her er at mor har rett til foreldrepengar.
Dersom uttaket av foreldrepengar for det første barnet ikkje er avslutta når ein ny stønadsperiode begynner, fell den attverande stønadsperioden for det første barnet bort. Det gjeld òg fedrekvoten.
Både fedrekvoten og den felles perioden med foreldrepengar kan utsetjast dersom
Når du ønskjer å utsetje uttaket fordi du er i full jobb, må du levere ein kopi av ein skriftleg avtale med arbeidsgivaren din til NAV. Du må søkje NAV om utsetjing seinast siste dagen i den perioden som ikkje er øyremerkt ein av foreldra (fellesperioden).
Du kan kombinere foreldrepengar/fedrekvoten med arbeid på to måtar:
Du kan utsetje perioden med foreldrepengar ved å arbeide i ei 100 prosent stilling. Dersom du ønskjer å utsetje foreldrepengeperioden i meir enn 14 dagar, må ein av dykk på førehand ha teke ut minst seks veker med foreldrepengar. Ønskjer du å arbeide fulltid for å utsetje perioden med foreldrepengar som ikkje er fedrekvote, er det eit vilkår at også mor arbeider eller tek godkjend utdanning på heiltid. Det gjeld sjølv om mor ikkje har rett til foreldrepengar.
Dersom både du og mor har rett til foreldrepengar og du ønskjer å arbeide fulltid for å utsetje din del av stønadsperioden (permisjonen) blir det ikkje stilt krav til kva mor gjer når du utsetjer perioden. Det er kun når du faktisk mottar foreldrepengar at det blir stilt krav til mor.
Dersom det er bare du som har rett til foreldepengar og du ønskjer å arbeide for å utsetje stønadsperioden/permisjonen, blir det stilt krav til kva mor gjer både når du utsetjer perioden og når du faktisk mottar foreldrepengar. Kravene som blir stilt til mor når du utsetjer permisjonen er dei same, som om du skal motta foreldrepengar.
Du kan kombinere delvis arbeid med delvis uttak av foreldrepengar/fedrekvote. Graderte foreldrepengar utgjer differansen mellom ei deltidsstilling og ei 100 prosent stilling. Uttaket av foreldrepengar blir redusert i forhold til omfanget av arbeidet, slik at uttaket blir fordelt ut over eit lengre tidsrom. Det samla beløpet du får utbetalt, er det same som om du vel fullt uttak av foreldrepengar. Det er inga nedre eller øvre grense for kor mykje/lite du kan arbeide, eller kor lenge du kan gjere deg nytte av dette. Graderte foreldrepengar kan de ta ut samtidig eller kvar for dykk. Ved samtidig uttak kan ikkje foreldrepengane utgjere meir enn 100 prosent til saman. Dersom du ønskjer å dels arbeide (arbeide deltid) og dels få foreldrepengar som ikkje er fedrekvote, er det eit vilkår at også mor arbeider tilsvarande den prosentdelen som du ønskjer å få i foreldrepengar. Det gjeld sjølv om mor ikkje har rett til foreldrepengar.
Du kan nytte denne ordninga opptil tre år etter fødselen eller omsorgsovertakinga.
Du må søkje skriftleg om foreldrepengar/fedrekvote. Det gjeld sjølv om du får full lønn frå arbeidsgivaren din i stønadsperioden. Dersom du søkjer om foreldrepengar eller fedrekvote ved fødsel, skal du bruke skjemaet ”NAV 14-05.09”. Søkjer du om foreldrepengar eller fedrekvote ved adopsjon, bruker du skjemaet ”NAV 14-05.06”.
Når du har valt skjema, kjem du til skjemarettleiaren. I denne rettleiaren skal du krysse av for kva vedlegg og kva slags dokumentasjon du må leggje ved søknaden. Du får òg opp ei førsteside. For at NAV skal kunne behandle søknaden din raskt og effektivt, ber vi deg sende inn det som står nemnt på førstesida. Legg førstesida øvst i brevet.
Arbeidsgivaren din kan søkje om refusjon frå folketrygda dersom han betaler ut full lønn til deg i permisjonstida. Det gjer han ved å krysse av på skjemaet for inntektsopplysningar for at han krev foreldrepengane utbetalte til seg. Du som arbeidstakar må likevel sende eigen søknad om foreldrepengar for at arbeidsgivaren din skal få refusjon.
Du får ikkje foreldrepengar for lengre tid tilbake enn tre månader før det tidspunktet NAV fekk søknaden.
Du må søkje skriftleg. Du må levere ein skriftleg avtale mellom deg og arbeidsgivaren din om kor mykje du skal arbeide (stillingsprosenten), og kva periode du skal arbeide, for å utsetje eller gradere uttaket av foreldrepengane. Du kan nytte skjemaet ”Utsetjing eller gradert uttak av foreldrepengar (fleksibelt uttak)” – NAV 14-16.05.
Det er viktig at du søkjer i god tid før du begynner å arbeide, for å unngå å miste stønadsdagar. Dersom du skal utsetje fedrekvoten, må du hugse å søkje om det før siste stønadsdagen av den felles perioden for deg og mora til barnet. Søkjer du seinare enn den datoen, mister du stønadsdagar.
Dersom du ikkje har rett til foreldrepengar, kan du få eingongsstønad
Dersom du får endringar i inntekt, familiesituasjon og/eller jobbsituasjon, eller skal opphalde deg i utlandet, kan det ha noko å seie for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du derfor straks melde frå til NAV-kontoret der du bur.
Du vil normalt ha pengane på konto innan siste virkedag i månaden, sjå meir utbetalingsinformasjon. Nokre stønader har tidlegare utbetaling i desember.
Du kan òg sjekke utbetalingar i tenesta Dine utbetalinger.