Målet med fedrekvoten er å få fedrar til å ta større del i omsorga for barnet dei første leveåra. Dersom far ikkje nyttar
desse vekene, fell dei bort. Sjå likevel unntaka nedanfor.
Lova blei endra 1. juli 2009 og blir endra 1. juli 2011 når det gjeld lengda på stønadsperioden. Det er datoen for fødsel
eller adopsjon som avgjer lengda på fedrekvoten din.
Dersom fødselen eller datoen for omsorgsovertaking er 1. juli 2011 eller seinare, er fedrekvoten tolv veker (60 stønadsdagar).
- Dersom fødselen eller datoen for omsorgsovertaking er i perioden frå 1. juli 2009 til og med 30. juni 2011, er fedrekvoten ti
veker (50 stønadsdagar).
- Dersom fødselen eller datoen for omsorgsovertakinga er 30. juni 2009 eller tidlegare, er fedrekvoten seks veker (30 stønadsdagar).
Når har far rett til fedrekvote?
Lova blei endra 1. juli 2010 når det gjeld vilkåra for fedrekvote.
- Dersom fødselen eller datoen for omsorgsovertakinga var 1. juli 2010 eller seinare, må både mor og far ha rett til foreldrepengar
(ha vore i inntektsgivande arbeid i minst seks av dei siste ti månadene).
- Dersom fødselen eller adopsjonen skjedde 30. juni 2010 eller tidlegare, er det i tillegg eit krav at mor må ha opparbeidd
seg rett til foreldrepengar i ei 50 prosent stilling eller meir.
Når har ein ikkje rett til fedrekvote?
- Dersom far på grunn av eigen sjukdom er heilt avhengig av hjelp for å ta seg av barnet. Då kan ein søkje NAV om å få overført
perioden til mor eller få utsett perioden med fedrekvote.
- Dersom mor er åleine om omsorga for barnet og har rett til foreldrepengar, blir vekene med fedrekvote overførte til henne.
- Dersom far ikkje har rett til foreldrepengar (ikkje har vore i inntektsgivande arbeid i minst seks av dei siste ti månadene),
blir vekene med fedrekvote overførte til mor.
- Dersom mor ikkje har rett til foreldrepengar (ikkje har vore i inntektsgivande arbeid i minst seks av dei siste ti månadene)
og har fått eingongsstønad, har ikkje far rett på fedrekvote.
- Dersom fødselen eller adopsjonen skjer 30. juni 2010 eller tidlegare, blir fedrekvoten overført til mor når ho har opparbeidd
seg rett til foreldrepengar i ei stilling lågare enn 50 prosent.
Far kan, dersom han har rett til foreldrepengar, gjere seg nytte av den sjølvstendige retten til å ta ut vanlege foreldrepengar.
Korleis kan far nytte fedrekvoten?
- Fedrekvoten kan takast ut når som helst i stønadsperioden, med unntak av dei første seks vekene etter fødselen. Desse vekene
er av medisinske grunnar øyremerkte mora.
- Far kan ta ut fedrekvoten samanhengande eller nytte fleksibelt uttak på fleire måtar. Dersom far ønskjer å utsetje fedrekvoten, må han søkje om det før den siste dagen i perioden som er til felles fordeling mellom foreldra. Dersom far søkjer om utsetjing
etter denne dagen, mister han stønadsdagar.
Nedanfor er det gitt nokre døme:
- Far kan få foreldrepengar samanhengande i tolv veker.
- Far kan få foreldrepengar éin dag og arbeide fire dagar i veka i 60 veker.
- Far kan arbeide 50 prosent og få foreldrepengar i 120 dagar.
- Far kan få foreldrepengar i to veker for deretter å arbeide fulltid i til dømes to veker og på den måten utsetje perioden
med to veker.
- Far kan ta ut fedrekvoten samtidig med at han avviklar ferie, eller på dagar der han vanlegvis ikkje arbeider.
- Far arbeider i Nordsjøen og er tre veker på land mellom kvar gong han er på jobb. Han kan ta ut fedrekvoten i dei periodane
han er på land.
Lista med døme er ikkje uttømmande.
Hugs at far må ha nytta fedrekvoten
- innan barnet fyller tre år
- innan tre år etter ein adopsjon
Kva gjer mor når far nyttar fedrekvoten?
Når far tek ut fedrekvoten, kan mor velje om ho vil gå ut i inntektsgivande arbeid eller ikkje. Når far nyttar fedrekvoten,
kan mor og far samla ta ut 150 prosent foreldrepengar. Det er då ein føresetnad at mor arbeider minst 50 prosent.
Når far ønskjer å få foreldrepengar utover perioden med fedrekvote, er det eit vilkår at mor er i arbeid eller utdanning,
på grunn av sjukdom er heilt avhengig av hjelp for å ta seg av barnet, deltek i introduksjonsprogrammet for nykomne innvandrarar
eller deltek i kvalifiseringsprogrammet for personar som har vesentleg nedsett arbeids- og inntektsevne. Det vil seie at mor
til dømes ikkje kan ha ulønna permisjon for å vere heime saman med far og barn utover fedrekvoteperioden.
Meld frå om endringar
Dersom du får endringar i inntekt, familiesituasjon og/eller jobbsituasjon, eller skal opphalde deg i utlandet, kan det ha
noko å seie for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du derfor straks melde frå til NAV-kontoret der du bur.