Eingongsstønad blir gitt ved fødsel og adopsjon om du ikkje har rett til foreldrepengar.
Du må vere medlem i folketrygda på det tidspunktet du føder eller adopterer barn, for å kunne ha rett til eingongsstønad.
Dersom du føder barn og ikkje har tent opp retten til foreldrepengar, kan du få eingongsstønad ved fødsel. Du får eingongsstønad for kvart barn du føder.
Dersom du adopterer barn under 15 år og ikkje har tent opp retten til foreldrepengar, får du eingongsstønad for kvart adopterte barn. Det same gjeld dersom du er mann og adopterer åleine.
Adopsjon av barnet/barna til ektefellen gir ikkje rett til eingongsstønad.
Du kan lese meir om regelverket for eingongsstønad under Regelverk i menyen til høgre.
Det er Stortinget som fastset storleiken på eingongsstønaden.
Stønaden er skattefri.
Du må søkje skriftleg om eingongsstønad. Dersom du søkjer om eingongsstønad ved fødsel, skal du bruke skjemaet ”Søknad om eingongsstønad ved fødsel - NAV 14-05.07". Søkjer du om eingongsstønad ved adopsjon, bruker du skjemaet ”Søknad om eingongsstønad ved adopsjon - NAV 14-05.08".
Når du har valt skjema, kjem du til skjemarettleiaren. I denne rettleiaren skal du krysse av for kva vedlegg og kva slags dokumentasjon du må leggje ved søknaden. Du får òg opp ei førsteside. For at NAV skal kunne behandle søknaden din raskt og effektivt, ber vi deg sende inn det som står nemnt på førstesida. Legg førstesida øvst i brevet.
Eingongsstønad blir vanlegvis utbetalt i samband med fødselen/adopsjonen. Ved fødsel kan stønaden tidlegast utbetalast når svangerskapet har vart i 26 veker.
Du må søkje om eingongsstønad seinast seks månader etter fødselen eller omsorgsovertakinga ved adopsjon.
|
Beløp per barn
|
|---|
| kr 35 263 |