Publisert 20.08.12. Sist endret 23.08.12.
Hugs å melde frå til NAV dersom eit barn du mottar kontantstøtte for begynner i barnehage. I 2011 var det 1487 saker der foreldre fekk krav om til saman 12,7 millionar kroner fordi dei ikkje hadde rett på kontantstøtte.
Det er viktig å melde frå til NAV dersom barnet ditt begynner i ein barnehage og du mottar kontantstøtte, slik at du unngår å måtte tilbakebetale ytingane til NAV.
Som mottakar av kontantstøtte pliktar du å melde frå til NAV når barnet begynner i barnehage. Det same gjeld dersom opphaldstida i barnehagen endrast. Slik unngår du at det feilaktig blir utbetalt for mykje kontantstøtte. Plikta til å melde frå gjeld sjølv om NAV får melding frå barnehagen gjennom kommunen. Feilutbetalingar av kontantstøtte blir utan unntak kravt tilbake.
Svært mange eittåringar begynner i barnehage i august og september. Mange av dei har fram til no vore heime hos mor og far, mens andre har hatt ei privat tilsynsordning der det offentlege ikkje har gjeve noko driftstilskot. I slike tilfelle kan ein ha rett til kontantstøtte dersom barnet er i kontantstøttealder.
Dette forandrar seg når barna begynner i barnehage. Dersom dei har fått fulltidsplass og kan opphalde seg i barnehagen 20 timar eller meir, fell retten til kontantstøtte bort. For barn som har fått deltidsplass på under 20 timer, blir kontantstøtta redusert.
Du må også melde frå til NAV om andre endringar, for eksempel dersom du flytter til ein annan kommune eller ut av landet.
Det kan også hende at du har rett til kontantstøtte. For eksempel dersom barnet er under to år og sluttar i barnehagen eller reduserer opphaldstida i barnehagen til under 20 timar per uke. Hugs altså å sende ein søknad til NAV dersom det skjer endringar som gjev rett til kontantstøtte.