Du kan få kontantstøtte for barn mellom eitt og tre år, eller for adoptivbarn som ikkje har begynt på skulen.
Kontantstøtta skal bidra til at familiane sjølve kan ta større del av omsorga for eigne barn. Du kan velje om du sjølv vil ha heiltidsomsorg for barnet, eller i kva grad du ønskjer å overlate omsorga for barnet til andre, uavhengig av korleis tilsynet blir ordna.
Dersom du har barn mellom eitt og tre år som ikkje går i barnehage som har offentleg driftstilskot, kan du få full kontantstøtte. Har barnet deltidsplass i barnehage, kan du få delvis kontantstøtte. Du kan maksimalt få støtte i 23 månader.
For adopterte barn kan du få kontantstøtte i opptil 23 månader etter at stønadsperioden for fulle adopsjonspengar er omme. Det gjeld sjølv om barnet har fylt eller fyller tre år i løpet av denne perioden, men barnet kan ikkje ha begynt på skulen.
Du får ikkje kontantstøtte
Barnet må som hovudregel vere busett i Noreg. Barnet blir rekna som busett dersom det skal opphalde seg i Noreg i meir enn tolv månader.
Du kan i enkelte tilfelle få kontantstøtte når du har eit mellombels utanlandsopphald på inntil tre månader.
Dersom du bur i eit anna EØS‑land enn Noreg og får pensjon frå Noreg eller er utsend arbeidstakar frå Noreg, kan du på visse vilkår få eller behalde kontantstøtte under utanlandsopphaldet. Du finn meir informasjon om dette under Kontantstøtte under opphald i utlandet under Internasjonalt i høgremenyen.
Du kan òg i visse tilfelle få kontantstøtte for barn som er busette i eit anna EØS-land, dersom du arbeider i Noreg, på eit norsk skip eller på norsk kontinentalsokkel. Meir informasjon om barnetrygd og kontantstøtte for utanlandske arbeidstakarar i Noreg finn du under Internasjonalt i høgremenyen.
Det er den tildelte tida i barnehagen som avgjer kor mykje du får i kontantstøtte. Det har ikkje noko å seie om barnet er mindre i barnehagen enn den tildelte tida.
Kontantstøtte er ei skattefri yting.
Det er viktig at du melder frå dersom barnet begynner i barnehage. Du må betale tilbake eventuell feilutbetalt kontantstøtte.
Dersom de som er foreldre, bur saman, søkjer éin av dykk. Dersom de bur kvar for dykk, er det den barnet bur fast saman med, som kan søkje om kontantstøtte. Du kan ikkje få etterbetalt kontantstøtte for meir enn tre månader før den kalendermånaden du søkte.
Har de inngått ein skriftleg avtale om delt bustad for barnet etter barnelova § 36, kan de dele kontantstøtta dersom de er einige om det. Ingen av dykk kan i eit slikt tilfelle nytte ein barnehageplass med offentleg driftstilskot, og de må begge søkje om kontantstøtte.
Du søkjer på skjemaet ”Krav om kontantstøtte til småbarnsforeldre – NAV 34-00.08”, som du finn under Skjema i høgremenyen.
Når du har valt skjema, kjem du til skjemarettleiaren. I denne rettleiaren skal du krysse av for kva vedlegg og kva slags dokumentasjon du må leggje ved søknaden. Du får òg opp ei førsteside. For at NAV skal kunne behandle søknaden din raskt og effektivt, ber vi deg sende inn det som står nemnt på førstesida. Legg førstesida øvst i brevet.
Når NAV har fått søknaden din, får du beskjed om kor lang tid saksbehandlinga er venta å ta. Du får melding om vedtaket når søknaden er avgjord.
Dersom du får endringar i inntekt, familiesituasjon og/eller jobbsituasjon, eller skal opphalde deg i utlandet, kan det ha noko å seie for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du derfor straks melde frå til NAV-kontoret der du bur.
|
Avtalt tid for opphald i barnehagen (timar per uke)
|
Beløp per månad
|
|---|---|
| 0 | 3 303 kr. |
| 1-8 | 2 642 kr. |
| 9-16 | 1 982 kr. |
| 17-24 | 1 321 kr. |
| 25-32 | 661 kr. |
| 33 og mer | kr 0,- |
|
Jan
|
Feb
|
Mar
|
Apr
|
Mai
|
Jun
|
Jul
|
Aug
|
Sept
|
Okt
|
Nov
|
Des
|
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 31. | 29. | 30. | 30. | 31. | 29. | 31. | 31. | 28. | 31. | 30. | 18. |