1. automatisk for barn fødde i ekteskap
2. ved erkjenning
3. ved dom
Det offentlege pliktar å fastsetje farskapet for barn som det ikkje er fastsett farskap for.
Foreldreansvar er plikta og retten foreldra har til å bestemme for barnet i personlege forhold. Den eller dei som har foreldreansvaret, er òg verje til barnet.
Dersom foreldra er gifte med kvarandre, blir mannen som mora er gift med ved fødselen, automatisk rekna som far til barnet. Dette er den såkalla pater est-regelen. Verken foreldra eller det offentlege må då gjere noko. Gifte foreldre får automatisk felles foreldreansvar for barnet.
Dersom mor til barnet formelt er separert ved fødselen, blir farskapet fastsett som om ho var ugift. Men dersom den fråseparerte ektefellen erkjenner farskapet, blir barnet rekna som født av gifte foreldre.
Dersom foreldra til barnet ikkje er gifte, blir farskapet vanlegvis fastsett ved at mora oppgir namnet på faren, som så erkjenner farskapet. Dersom mora ikkje oppgir namnet på barnefaren og ein mann erkjenner farskapet, må mora godta erkjenninga.
Dersom foreldra ikkje bur saman når farskapet blir fastsett, har mora foreldreansvaret åleine. Foreldra kan likevel avtale felles foreldreansvar, anten i samband med erkjenninga eller ved ein eigen avtale om det til folkeregisterstyresmakta.
Dersom foreldra er sambuarar, anten ved at dei har felles adresse eller har sendt erklæring til folkeregisterstyresmakta om at dei bur saman, kan sambuaren til mora erkjenne farskapet utan medverknad frå mora. Mor skal då få melding om erkjenninga. Foreldre som bur saman når farskapet blir fastsett, får òg automatisk felles foreldreansvar.
Dersom farskapet ikkje blir erkjent, har det offentlege – ved NAV og eventuelt domstolane – ansvar for å få det fastsett. Det kan vere aktuelt å kalle inn moglege partar og kartleggje farskapet ved hjelp av blodprøver.
Faren kan erkjenne farskapet både før fødselen, i samband med fødselen og etter fødselen. Farskapserkjenninga skal vere skriftleg på fastsett blankett frå NAV. Faren må møte personleg og vise legitimasjon for ein av desse instansane:
Dersom det oppstår tvil om eit farskap som følgjer av ekteskap, eller som er erkjent, kan barnet, mora, faren eller ein tredjemann som meiner han er faren til barnet, reise sak for domstolen om å endre farskapet. Dersom farskapet tidlegare er fastsett ved dom, utan DNA-analyse, kan ein krevje at saka blir teken opp igjen.
Eit farskap kan òg endrast av NAV ved at ein mann erkjenner farskapet og barnemora og den opphavlege faren godtek erkjenninga.
Farskap, barnelova kapittel 2, hovudnr. 51, nr. 1