Du kan få foreldrepengar fram til barnet fyller tre år, eller tre år etter ein adopsjon. Det gjer at du kan kombinere arbeid med omsorg for barnet, og at du kan vente med å ta ut foreldrepengar.
Du kan
Desse to variantane blir kalla fleksibelt uttak av foreldrepengar.
Du kan utsetje perioden ved å arbeide i 100 prosent stilling utan å få foreldrepengar. Som hovudregel må arbeidsforholdet vare i minst 14 dagar, og det må ha vore teke ut foreldrepengar samanhengande i minst seks veker før arbeidsforholdet tok til. Dersom arbeidsforholdet varer i mindre enn 14 dagar, er det ikkje krav om at perioden med foreldrepengar har vore samanhengande i minst seks veker før arbeidsforholdet tok til.
Dersom det bare er far som har rett til foreldrepengar og han ønskjer å utsetje perioden med foreldrepengar, er det krav til kva mor gjer i den perioden far utsetjer foreldrepengane. Mor må enten:
Dersom begge foreldrene har rett til foreldrepengar, og far ønskjer å utsetje perioden med foreldrepengar, er det ikkje krav til mor i den perioden far utsetjer foreldrepengane/permisjonen. Det same gjeld dersom far ønskjer å utsetje fedrekvoten.
Du kan kombinere delvis arbeid med delvis uttak av foreldrepengar. Graderte foreldrepengar utgjer differansen mellom ei deltidsstilling og ei 100 prosent stilling. Utbetalinga av foreldrepengar blir redusert i forhold til omfanget av arbeidet, slik at uttaket og utbetalinga blir fordelte over eit lengre tidsrom. Det samla beløpet du får utbetalt, blir det same som når du vel fullt uttak av foreldrepengar. Det er inga nedre eller øvre grense for kor mykje eller lite du kan arbeide, eller noko krav om kor lenge arbeidsforholdet skal vare.
Dersom far skal ha gradert uttak som ikkje er fedrekvote, er det eit krav om at mor må vere i arbeid, vere i utdanning på heiltid, kombinere arbeid og utdanning som i sum blir 100 prosent, på grunn av sjukdom vere heilt avhengig av hjelp for å ta seg av barnet, eller vere innlagd i helseinstitusjon.
Far kan ikkje få meir i gradert uttak enn det mor er i aktivitet. Det gjeld sjølv om mor ikkje har rett til foreldrepengar.
Både mor og far kan nytte fleksibelt uttak. De kan begge utsetje perioden ved å arbeide fulltid. Graderte foreldrepengar kan de ta ut samtidig eller kvar for dykk. Dersom samtidig uttak til saman utgjer 100 prosent, blir ikkje den samla perioden med foreldrepengar forlengd. Samtidig uttak må til saman utgjere mindre enn 100 prosent uttak for at perioden med foreldrepengar skal kunne bli forlengd.
Ved ein fødsel kan heile perioden nyttast til fleksibelt uttak med unntak av tre veker før og seks veker etter fødselen. Fedrekvoten kan òg takast ut fleksibelt.
Ved adopsjon kan heile perioden nyttast til fleksibelt uttak, fedrekvoten inkludert.
Fleksibelt uttak kan maksimalt løpe i tre år etter fødselen eller omsorgsovertakinga ved adopsjon. Den delen av stønadsperioden som ikkje er nytta når barnet er tre år, eller det har gått tre år etter adopsjonen, fell bort.
Dersom ein av dykk ønskjer å utsetje perioden med foreldrepengar på grunn av fulltidsarbeid eller ta ut foreldrepengane gradert, må den av dykk som ønskjer det, søkje på skjemaet ”Utsetjing eller gradert uttak av foreldrepengar (fleksibelt uttak) - NAV 14-16.05".
Dersom du ikkje alt får foreldrepengar, må du samtidig søkje om det på skjemaet ”Søknad om foreldrepengar eller fedrekvote ved fødsel - NAV 14-05.09" eller ”Søknad om foreldrepengar eller fedrekvote ved adopsjon -NAV 14-05.06".