Du kan få utdanningsstønad når du gjennomfører nødvendig utdanning eller opplæring. Utdanningsstønad blir berre gitt i tidsrom der du har rett til overgangsstønad.
Du kan få utdanningsstønad dersom du treng utdanning for å bli i stand til å forsørgje deg sjølv ved eige arbeid. Utdanningsstønad kan bli gitt både til yrkesutdanning og til allmennutdanning dersom det er nødvendig.
Du kan maksimalt få utdanningsstønad til tre års utdanning på full tid. Dersom du tek deltidsutdanning, kan perioden utvidast. Du kan få støtte til nødvendig allmennutdanning i tillegg til dei tre åra. Du kan likevel ikkje få utdanningsstønad når du har oppnådd yrkeskompetanse.
Stønaden skal dekkje utgifter til skulepengar, skulemateriell, reiser osv. Du kan òg få stønad til å dekkje ekstra buutgifter og flytteutgifter i samband med utdanninga. Du kan lese meir om dekning av utgifter i Forskrift om utdanningsstønad under Regelverk i menyen til høgre.
Utdanningsstønad er ei skattefri yting.
Du søkjer om utdanningsstønad på blanketten ”Søknad om overgangsstønad, stønad til barnetilsyn, utdanningsstønad og flytteutgifter til einsleg mor/far”, som du finn under Skjema og vedlegg i menyen til høgre. Her finn du òg informasjon om kva vedlegg/dokumentasjon du må leggje ved søknaden om utdanningsstønad.
Du får først eit varsel om saksbehandlingstida. Når saka er ferdigbehandla, får du ei skriftleg melding om vedtaket.
Hvis du flytter til utlandet
Det blir ikkje gitt utdanningsstønad til utdanning i utlandet.
Du skal alltid melde frå til NAV-kontoret ditt dersom du flytter til eller skal opphalde deg mellombels i utlandet. Meir om opphald i utlandet under Internasjonalt i menyen til høgre.
Dersom du får endringar i inntekt, familiesituasjon og/eller jobbsituasjon, eller skal opphalde deg i utlandet, kan det ha noko å seie for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du derfor straks melde frå til NAV-kontoret der du bur.
Tilskott til skolemateriell. Gjeld for skoleåret 2011/2012. Satsane vert reduserde ved utdanning på deltid.
|
Skoleslag
|
Full sats
|
|
|---|---|---|
| v/vidaregåande skole | 3 580 kr. | |
| v/høgskole/universitet/ | 7 150 kr. |
Satsane gjeld for skoleåret 2011/2012. Satsane vert reduserde ved utdanning på deltid.
|
Skolepenger
|
|
|---|---|
| Videregåande skole | Høgskole/universitet |
| kr 23 240,- | kr 55 680,- |