Stønad til einsleg mor/far skal sikre inntekt til dei som har eineomsorga for barn, og stimulere til sjølvforsørging.
Du må vere ugift, skilt eller separert. Faktisk samlivsbrot kan på visse vilkår bli jamstelt med separasjon. Du må også vere aleine om omsorga for barnet og fylle vilkåret om ikkje å leve saman med den andre av barnet sine foreldre eller ein du har vore gift med. Du kan heller ikkje få stønad om du har sambuar og har hatt det i 12 av dei siste 18 månadene. Du må ha vore medlem av folketrygda i dei siste tre åra, og du og barnet må bu og opphalde dykk i Noreg. Nokre av vilkåra kan fråvikast etter særskilde reglar.
Alle som får stønad som einsleg mor eller far, må melde frå til NAV om endringar som kan ha noko å seie for retten til stønad eller storleiken på han.
Du kan få raskare svar om du sjølv finn fram til den informasjonen NAV treng for å behandle søknaden.
Du må skriftleg krevje stønad til einsleg mor/far. Krav sett du fram på blanketten ”Søknad om overgangsstønad, stønad til barnetilsyn, utdanningsstønad og flytteutgifter til enslig mor/far” – NAV 15-00.01.
På grunnlag av opplysningane du gir her, kan NAV-kontoret ditt vurdere om du fyller vilkåra for rett til stønad som einsleg forsørgjar.
Søknaden sender du til NAV-kontoret der du bur.
Om du fyller dei allmenne inngangsvilkåra for rett til stønad som einsleg mor/far, kan du ha rett til:
Først må du sjekke om du held fram medlemskapen i folketrygda.
Hovudregelen er at du og barna skal opphalde dykk i Noreg.
Stønad kan etter søknad bli gitt under utanlandsopphald om
Du har plikt til å melde frå til NAV om du flytter til eller skal opphalde deg i utlandet midlertidig.
Først må du sjekke om du blir medlem i folketrygda.
For å ha rett til stønad til einsleg mor/far, må du som hovudregel ha vore medlem i folketrygda i dei siste tre åra før kravet blir sett fram. Vilkåret om tidlegare medlemskap gjeld ikkje for flyktingar og statslause. Det er fastsett forskrift som seier i kva tilfelle hovudregelen kan fråvikast (sjå regelverk for forskrift til § 15-2).
Dersom du får endringar i inntekt, familiesituasjon og/eller jobbsituasjon, eller skal opphalde deg i utlandet, kan det ha noko å seie for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du derfor straks melde frå til NAV-kontoret der du bur.