Foreldrepengar skal i utgangspunktet tilsvare den inntekta du vanlegvis har
Foreldrepengar blir utbetalte på bakgrunn av eit grunnlag som blir fastsett etter storleiken på den inntekta du vanlegvis har. Kva som er det vanlege inntektsnivået ditt, blir fastsett etter ei individuell vurdering.
Du får ikkje foreldrepengar for den delen av inntekta som overstig seks gonger grunnbeløpet (G) i folketrygda. Per 1. mai 2012 utgjer grunnbeløpet 82 122 kroner.
Det er avgjerande for korleis foreldrepengane blir berekna, om du er arbeidstakar eller driv for deg sjølv. Det er tre forskjellige typar inntekt:
Med arbeidsinntekt meiner vi lønn eller anna godtgjersle for alle som arbeider for andre.
Med næringsinntekt meiner vi inntekt for personar som for eiga rekning og eigen risiko driv vedvarande næringsverksemd.
Med inntekt for frilansar meiner vi inntekt for personar som utfører arbeid eller oppdrag utanfor teneste for lønn eller anna godtgjersle.
I tillegg legg NAV desse momenta til grunn for vurderinga:
Dersom du har fleire typar inntekt, er det spesielle reglar som gjeld, som du kan få meir informasjon om på NAV-kontoret ditt.
Inntekter som blir tekne med, er lønnsinntekt og godtgjersler som er resultat av din eigen arbeidsinnsats, og som gir pensjonspoeng.
Inntekter som ikkje blir tekne med, er lønn for overtid, feriepengar, naturalytingar og godtgjersler som heilt eller delvis skal dekkje utgifter i samband med arbeidet.
Utgangspunktet for berekninga er den inntekta du faktisk har når stønadsperioden din startar. NAV skal samanlikne denne inntekta med gjennomsnittet av den pensjonsgivande inntekta di dei tre siste åra. NAV legg vekt på opplysningar om arbeidssituasjonen din på søknadstidspunktet og vurderer om den noverande inntekta eller gjennomsnittet av den pensjonsgivande inntekta dei tre siste åra skal leggjast til grunn når grunnlaget for berekninga av foreldrepengane blir fastsett.
Døme:
Søkjaren opplyser at ho nettopp er ferdig med studia og har begynt i fast jobb med ei årsinntekt på 350 000 kroner. Søkjaren hadde ein deltidsjobb mens ho studerte, slik at gjennomsnittet av den pensjonsgivande inntekta dei tre siste åra er 130 000 kroner. NAV konkluderer med at inntekta når stønadsperioden startar, er representativ for arbeidsinntekta. Ved avgjerda er det lagt vekt på at søkjaren er ferdig med studia og er i fast jobb. Grunnlaget for berekninga av foreldrepengane blir derfor fastsett til 350 000 kroner.
Grunnlaget for berekninga av foreldrepengane skal som hovudregel tilsvare gjennomsnittet av den pensjonsgivande inntekta di dei siste tre åra. NAV skal likevel alltid vurdere om denne inntekta er representativ, ut ifrå opplysningar om arbeidssituasjonen din som du gir på søknadstidspunktet. Dersom arbeidssituasjonen eller verksemda di er varig endra, slik at inntekta di òg er det, kan NAV leggje inntekta du har når stønadsperioden startar, til grunn når grunnlaget for berekninga av foreldrepengane skal fastsetjast.
Døme:
Søkjaren har ei gjennomsnittleg pensjonsgivande inntekt for dei siste tre åra som er 450 000 kroner, men har no ei årsinntekt som utgjer 250 000 kroner. Søkjaren opplyser at han tidlegare var arbeidstakar, men no har sagt opp stillinga og begynt som sjølvstendig næringsdrivande. NAV konkluderer med at gjennomsnittet av den pensjonsgivande inntekta ikkje er representativ for den noverande arbeidssituasjonen. Ved avgjerda er det lagt vekt på at endringane er varige. NAV vurderer det derfor slik at den inntekta søkjaren har når stønadsperioden startar, er representativ for arbeidssituasjonen. Grunnlaget for berekninga av foreldrepengane blir fastsett til 250 000 kroner.
Grunnlaget for berekninga av foreldrepengane skal som hovudregel tilsvare gjennomsnittet av den pensjonsgivande inntekta di dei siste tre åra. NAV skal likevel alltid vurdere om denne inntekta er representativ, ut ifrå opplysningar om arbeidssituasjonen din som du gir på søknadstidspunktet. Dersom arbeidssituasjonen eller verksemda di er varig endra, slik at inntekta di òg er det, kan NAV leggje inntekta du har når stønadsperioden startar, til grunn når grunnlaget for berekninga av foreldrepengane skal fastsetjast.
Tidlegare periodar med tidsavgrensa uførestønad, rehabiliterings- og attføringspengar gir ikkje rett til foreldrepengar.