Barnetrygd er ein stønad som blir gitt for alle barn under 18 år som er busette i Noreg. Barnetrygda skal bidra til å dekkje utgifter ved å ha barn. Dersom du er einsleg forsørgjar, kan du få barnetrygd for eitt barn meir enn du faktisk bur saman med (utvida barnetrygd).
Dersom du skal få barnetrygd, må barnet ditt vere busett i Noreg. Dersom barnet ditt oppheld seg i Noreg i minst tolv månader samanhengande, blir det i regelen rekna som busett. Det finst unntak frå denne regelen. Du kan lese meir om barnetrygd ved opphald i EØS-land under ”Internasjonalt” i menyen til høgre.
Utvida barnetrygd er barnetrygd for eitt barn meir enn du faktisk bur saman med. Du kan få utvida barnetrygd dersom du bur åleine med barn og
Utvida barnetrygd fell bort dersom du
Dersom du har eit mellombels opphald i utlandet saman med barnet, kan du få barnetrygd sidan barnet då framleis blir rekna som busett i Noreg. Barnet blir som hovudregel ikkje lenger rekna som busett i Noreg dersom det skal opphalde seg i utlandet i meir enn seks månader, eller dersom det oppheld seg i utlandet i til saman meir enn seks månader per år i to eller fleire år etter kvarandre. Unntaket er dersom barnet og den/dei som barnet bur saman med under opphaldet, er pliktige eller frivillige medlemmer i folketrygda. Meir om barnetrygd ved utanlandsopphald under ”Internasjonalt” i menyen til høgre.
Du kan få
Du kan få barnetrygd frå månaden etter at barnet er født, eller frå månaden etter at vilkåra er oppfylte, dersom retten til barnetrygd oppstår på eit seinare tidspunkt. Barnetrygda blir utbetalt til og med månaden før barnet fyller 18 år.
Barnetrygda kan etterbetalast for opptil tre år frå søknadstidspunktet dersom vilkåra har vore oppfylte.
Du treng som hovudregel ikkje å søkje om barnetrygd. Dersom barnet blir født i Noreg, skal mora automatisk få vedtak frå NAV om utbetaling av barnetrygd om lag to månader etter fødselen. Ønskjer du utbetaling til far, må du gi beskjed om det til NAV-kontoret ditt.
De må likevel søkje om barnetrygd når
Du søkjer på skjemaet "Krav om barnetrygd - NAV 33-00.08", som du finn under Skjema i menyen til høgre.
Når du har valgt rett skjema, kjem du til skjemarettleiaren. I denne rettleiaren skal du krysse av for kva vedlegg og kva slag dokumentasjon du må leggje ved søknaden. Du får òg opp ei førsteside. For at NAV skal kunne behandle søknaden din raskt og effektivt, ber vi deg sende inn det som står nemnt i førstesida. Legg førstesida øvst i brevet.
Dersom du får endringar i inntekt, familiesituasjon og/eller jobbsituasjon, eller skal opphalde deg i utlandet, kan det ha noko å seie for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du derfor straks melde frå til NAV-kontoret der du bur.
|
Satsar
|
Beløp per månad
|
|---|---|
| Ordinær sats per barn: | 970 kr |
| Finnmarkstillegget per barn: | 320 kr |
| Svalbardtillegget per barn: | 320 kr |
| Småbarnstillegg til einsleg forsørgjar: | 660 kr |
| Utvida barnetrygd til einsleg forsørgjar: | 970 kr |
|
Jan
|
Feb
|
Mar
|
Apr
|
Mai
|
Jun
|
Jul
|
Aug
|
Sept
|
Okt
|
Nov
|
Des
|
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 31. | 29. | 30. | 30. | 31. | 29. | 31. | 31. | 28. | 31. | 30. | 18. |