Bidragsforskot skal sikre at barn får eit visst beløp frå det offentlege kvar månad dersom det ikkje blir betalt bidrag, eller dersom bidraget er fastsett til eit lågare beløp enn det som kan givast i forskot.
Barn under 18 år som ikkje bur saman med begge foreldra, har som hovudregel rett til bidragsforskot. Den som har den faktiske omsorga for barnet, kan setje fram krav og få forskotet utbetalt til seg. Bidragsforskot blir ikkje gitt for barn som bur i fosterheim eller barnevernsinstitusjon, eller som på annan måte får fullt underhald av det offentlege.
Barnet må som hovudregel vere busett og opphalde seg i Noreg. Barnet blir rekna som busett dersom det har vore i eller skal opphalde seg i Noreg i meir enn tolv månader. Dersom visse vilkår er oppfylte, kan barnet behalde forskotet dersom det oppheld seg i utlandet i opptil seks månader. EØS‑regelverket gjer at barn som er busette i eit anna EØS‑land enn Noreg, kan ha rett til bidragsforskot. Det gjeld til dømes dersom ein av foreldra arbeider her. Du kan lese meir om bidragsforskot ved opphald i eller flytting til eit anna EØS‑land under Internasjonalt i menyen til høgre.
Eit vilkår for å få forskot er at det er eller blir avtalt eller fastsett bidrag til barnet frå den av foreldra som ikkje bur saman med det. Denne forelderen skal betale bidraget til NAV Innkrevjing.
Bidragsforskotet er behovsprøvd og blir utbetalt som forhøya forskot, ordinært forskot eller redusert forskot. Satsen regulerast 1. juli kvart år.
Det som avgjer om du får forhøya, ordinært eller redusert forskot er kor stor inntekt du har, talet eigne barn du har i eigen husstand, og om du er gift, registrert partnar, sambuar eller einsleg forsørgjar.
Med inntekt meiner vi i denne samanhengen personinntekta (bruttoinntekt) di, og den delen av positive netto kapitalinntekter som overstig 10 000 kroner per år, Dersom du får kontantstøtte for det aktuelle barnet, skal denne reknast med. Barnetillegg som du får til ei offentleg yting skal også tas med, men berre for det barnet tillegget gjeld for. Utvida barnetrygd og småbarnstillegg skal også reknast med, men her er det uavhengig av kva for barn det gjeld.
Frå 1. juli 2011 er den øvre inntektsgrensa for rett til forhøya bidragsforskot 232 000 kroner.
Satsane blir regulerte 1. juli kvart år.
Retten til forskot fell bort dersom inntekta di overstig 320 gonger forhøya bidragsforskot.
Dersom barnet bur åleine eller saman med ein annan enn ein av foreldra, er det inga behovsprøving.
Har barnet delt bustad, kan det ha rett til forskot frå begge foreldra. Det er eit vilkår at det kan bli fastsett bidrag frå den andre forelderen, eller at forelderen sjølv eller den andre forelderen ikkje har økonomisk evne til å betale bidrag.
Så sant vilkåra ovanfor er oppfylte, kan barnet få forskot til og med den månaden det fyller 18 år.
Du søkjer om bidragsforskot ved å fylle ut søknadsblanketten som du finn under Skjema i menyen til høgre.(same kravblankett som når du søkjer om underhaldsbidrag - NAV 54‑00.05).
Når du har valgt rett skjema, kjem du til skjemarettleiaren. I denne rettleiaren skal du krysse av for kva vedlegg og kva slag dokumentasjon du må leggje ved søknaden. Du får òg opp ei førsteside. For at NAV skal kunne behandle søknaden din raskt og effektivt, ber vi deg sende inn det som står nemnt i førstesida. Legg førstesida øvst i brevet.
Du kan få bidragsforskot frå opptil tre månader før søknadsmånaden dersom vilkåra for forskot var oppfylte. Du bør derfor søkje innan tre månader etter at vilkåra blei oppfylte.
Du får først eit varsel om saksbehandlingstida. Når saka er ferdigbehandla, får du ei skriftleg melding om vedtaket.
Dersom du får endringar i inntekt, familiesituasjon og/eller jobbsituasjon, eller skal opphalde deg i utlandet, kan det ha noko å seie for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du derfor straks melde frå til NAV-kontoret der du bur.
Satsane gjeld frå 1. juli 2011.
|
Sats
|
Beløp per månad frå 1. juli 2011
|
|
|---|---|---|
| Forhøya forskot | 1 410 kroner | |
| Ordinært forskot | 1 060 kroner | |
| Redusert forskot | 710 Kroner |
Tabellen under viser inntektsgrenser som gjeld frå 1. mai 2011 for krav på redusert forskot, ordinært forskot eller forhøya forskot.
|
Tal barn
|
Ordinært forskot
|
Redusert forskot
|
|---|---|---|
| 1 | 232 001 - 298 500 kroner | 298 501 - 451 200 kroner |
| 2 | 232 001 - 352 500 kroner | 352 501 - 451 200 kroner |
| 3 | 232 001 - 406 500 kroner | 406 501 - 451 200 kroner |
| 4 | 232 001 - 451 200 kroner |
Tabellen under viser inntektsgrenser som gjeld frå 1. mai 2011 for krav på redusert forskot, ordinært forskot eller forhøya forskot.
|
Tal barn
|
Ordinært forskot
|
Redusert forskot
|
|---|---|---|
| 1 | 232 001 - 341 200 kr | 341 201 - 451 200 kr |
| 2 | 232 001 - 395 200 kr | 395 201 - 451 200 kr |
| 3 | 232 001 - 449 200 kr | 449 201 - 451 200 kr |
| 4 og fleire | 232 001 - 451 200 kr |
Datoane er rettleiande.
|
Jan.
|
Feb.
|
Mars
|
April
|
Mai
|
Juni
|
Juli
|
Aug.
|
Sept.
|
Okt.
|
Nov.
|
Des.
|
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 5. | 6. | 6. | 4. | 7. | 6. | 5. | 6. | 6. | 4. | 6. | 6. |