Når du har betalt godkjende eigendelar opp til ein bestemt sum, får du frikort. Summen blir kalla eigendelstak. Frikort vil seie at du slepp å betale godkjende eigendelar resten av kalenderåret.
Eigendelstak 1 gjeld for desse utgiftene:
Barn under 16 år er fritekne frå å betale eigendel. Hos psykolog er grensa 18 år.
Bruk kvitteringskortet
I 2010 er det eit nytt kvitteringskort. Kortet er merkt med ”Dette kortet skal brukast i 2010”. Det er viktig at du bruker dette kortet. Kortet får du hos behandlaren din eller på apoteket. Du må sjølv passe på at det blir kvittert på kortet.
Les kvitteringskortet nøye.
Det går mykje raskare for NAV-kontoret å vurdere eigendelar som er førte i kortet, enn å vurdere lause rekningar og kvitteringar. Derfor er det viktig at du bruker kortet aktivt.
Send kvitteringskortet i posten
Når du har nådd eigendelstaket, sender du kvitteringskortet og eventuelle lause kvitteringar til NAV. Frikortet blir sendt med A-post frå NAV sentralt dagen etter at søknaden din er ferdig behandla på lokalkontoret. Pengar som du eventuelt har betalt for mykje, overfører vi til kontoen din.
Automatisk frikort
Automatisk frikort inneber at du får frikort automatisk tilsendt når du har rett på det, utan å søkje. Automatisk frikort blir innført i heile landet frå 1.6.2010 for eigendelstak 1. Meir informasjon finn du på www.helfo.no/frikort.