Dersom det skjer endringar som kan ha noko å seie for beløpet du får utbetalt frå NAV, må du straks gje beskjed til NAV-kontoret der du bur.
Det er eigne reglar for dei forskjellige stønadene frå NAV. Dersom du er usikker på om endringa vil virke inn på utbetalinga di, kan du lese meir i vedtaksbrevet du har fått frå oss. Meir informasjon om opplysningsplikta di finn du her på nav.no, på sida som handlar om stønaden du får.
For at du skal få utbetalt riktig beløp, er vi avhengig av at du gjer oss riktige opplysningar og melder frå når det skjer endringar i livssituasjonen din eller inntekta di. Dersom du gjer ufullstendige eller feil opplysningar kan du få utbetalt feil beløp.