”Avklaring” er eit tiltak for deg som treng ekstra hjelp til kartlegging eller utprøving av arbeidsevna din. ”Avklaring” er eit tilbod til deg som har behov for meir omfattande avklaringsbistand enn det NAV kan tilby.
tilby.
Tiltaket er tilpassa dine individuelle behov ut frå kva som kan vere mogleg for deg på arbeidsmarknaden. I tiltaket kan det vere aktuelt å klarleggje/vurdere
”Avklaring” kan skje både i skjerma verksemder og hjå andre tiltaksarrangørar NAV har avtale med, eller på ein ordinær arbeidsplass med hjelp frå en tiltaksarrangør. Det er NAV som saman med deg vurderer om du har behov for tiltaket.
Når du har eit arbeidsforhold
Dersom du allereie er i eit arbeidsforhold - for eksempel dersom du er sjukmeldt - kan avklaringa skje der du arbeider, gjennom å kartlegge kva som er mogleg å gjere i verksemda for å tilpasse arbeidsplassen/-miljøet for deg. Avklaringa kan også skje på en annan arbeidsplass eller hjå tiltaksarrangøren. Før tiltaket startar, må NAV ha fått ein oppfylgjingsplan, der arbeidsgjevaren din dokumenterer at bedriftsinterne tiltak er forsøkt eller vurdert, men ikkje er mogleg å gjennomføre.
Når du ikkje har eit arbeidsforhold
Dersom du ikkje har eit arbeidsforhold, vil avklaringa skje hjå tiltaksarrangøren eller på ein ordinær arbeidsplass med hjelp frå ein tiltaksarrangøren. Du vil få rettleiing og hjelp til å kartlegge kva moglegheiter du har til å skaffe eit arbeid som passar for deg.
Kor lenge kan du få ”avklaring”?
Hovudregelen er at ”avklaring” varer inntil fire veker. Dersom det er behov, kan varigheita forlengast med inntil åtte veker. Det skal gjerast ei evaluering/vurdering etter kvar firevekers periode.
Økonomiske ytingar
Dersom du får ein stønad til livsopphald (for eksempel sjukepengar eller arbeidsavklaringspengar), beheld du ytinga di mens du deltek på tiltaket. Får du ikkje slik stønad, kan du ha rett til stønad ved tiltak, som blant anna skal dekkje dei daglege utgiftene dine mens du deltek på tiltaket.
Korleis få tilbod om ”avklaring”?
Ta kontakt med NAV-kontoret ditt. Både du, arbeidsgjevaren din og behandlaren som har sjukmeldt deg kan foreslå ”avklaring”, men det er NAV som gjer den endelege vurderinga og tilviser deltakarar. Dersom du er sjukmeldt, skal behandlaren som sjukmelde deg være informert om tilvisinga.