Dersom du har du ein forretningsidé, må du planleggje grundig. Nettsidene under kan vere inspirasjonskjelde og verktøy.
altinn.no har eit omfattande tilbod for deg som går med ein etablerar i magen. Her finn du blant anna nyttige guidar for etableringsfasen.
etablerer.no tilbyr ein nettbasert etablerarskule (gratis) og møteplass.
Innovasjon Norge har informasjon og ulike tilbod til etablerarar. Her vil du også finne oversikt over fylkesvise kontor som kan gje deg viktig informasjon om lokale forhold.
Kommunar Fleire kommunar har næringsansvarlege som kan gje deg hjelp i samband med oppstart.
Næringshagar Det kan også vere andre hjelparar i nærmiljøet ditt, som næringshagar, kunnskapsparkar og liknande.
NAV kan også bidra i ein etableringsfase. Du kan søkje om å behalde dagpengar eller arbeidsavklaringspengar/tilleggsstønader under etablering av eiga verksemd.
Også NAV har eit etablerartilbud
På det lokale NAV-kontoret kan du få informasjon om nettbasert etablerarkurs. Etter at du har greidd prekvalifisering (som
går på motivasjon, evner og forretningsidé), får du eit passord og skal i løpet av 26 veker gjennomføre ei nettbasert etableraropplæring.
Kvar veke får du telefonoppfylging frå din personlege lærar. Etter fullført kurs har du ein komplett forretningsplan, som
normalt er sjølve grunnlaget for det vidare arbeidet med bedriftsetableringa. Les meir om etablerarkurs i eigen brosjyre.
Kontaktperson: Inger Stokke Houeland, Nettbasert Opplæring, tlf.: 908 52 503 (inger.stokke.houeland@nav.no).
NAV kan også bidra på andre måtar i ein etableringsfase. Du kan søkje om å behalde dagpengar eller arbeidsavklaringspengar/tilleggsstønader under etablering av eiga bedrift.
Meir informasjon
Til høgre finn du relevante lenker med meir informasjon om prosessen rundt etablering av eiga verksemd. Fylkeskommunen eller kommunen kan hjelpe deg å vurdere forretningsideen i forhold til lovverket, og du kan få råd om finansiering. Til vanleg informererer styresmaktene berre om kva for formelle krav som gjeld, mens du må bruke private bedrifter for å få konkrete råd om kva det er lurt å gjere for akkurat deg.