NAV kan tilby å dekkje utgiftene til ekstern fysioterapeut/ergoterapeut som gjer arbeidsplassvurdering for sjukmelde arbeidstakarar og arbeidstakarar som står i fare for å bli sjukmelde.
Målet med ordninga er å bringe kvalifisert personell inn i arbeidet med å førebyggje sjukmelding/få sjukmelde tilbake i arbeid, og å førebyggje seinare sjukefråvær. Oppdraget inkluderer ei funksjonsundersøking og eit besøk på arbeidsplassen for å vurdere moglege tilretteleggingstiltak som kan føre til at arbeidet kan takast opp att heilt eller delvis, eller førebyggje sjukefråvær.
Ordninga gjeld arbeidstakarar som tek imot sjukepengar aller arbeidsavklaringspengar. Ordninga gjeld også arbeidstakarar som står i fare for å bli sjukmelde.
Ordninga gjeld ikkje verksemder som har eiga bedriftshelseteneste, eller er knytt til fellesordning.
Honorar blir utbetalt av NAV for inntil 4 timar på oppdrag. Honorarsatsen er pt. 643,- kroner timen (L40). (Endret frå 1. juli 2011).
Alle partar kan ta initiativ til arbeidsplassvurdering, det vil seie den sjukmelde sjølv, arbeidsgivar, behandlande lege eller NAV.
Det er NAV som rekvirerer arbeidsplassvurdering etter avtale med den sjukmelde. Den sjukmelde arbeidstakaren gjer deretter avtale direkte med fysioterapeuten eller ergoterapeuten om funksjonsundersøking og arbeidsplassbesøk. (Ditt lokale NAV-kontor har oversikt over aktuelle fysioterapeutar og ergoterapeutar.)
Den sjukmelde har ansvar for å informere arbeidsgivaren og for eventuell kontakt med tillitsvalde eller verneombod.
Fysioterapeuten eller ergoterapeuten gjer funksjonsundersøking og arbeidsplassbesøk, og rapporterer til NAV-kontoret.
Arbeidsgivar bør vere til stades eller vere tilgjengeleg ved arbeidsplassbesøket. Etter arbeidsplassvurderinga vil arbeidsgivar få tilbakemelding frå NAV-kontoret, slik at forslag og tilrådingar kan følgjast opp i bedrifta.
Behandlande legeskal haldast informert om arbeidsplassvurderinga ved kopi av rekvisisjon og rapport. Annan kontakt og eventuell avklaring mellom legen og den sjukmelde skjer utan koordinering frå NAV.
Ordninga ar avtalebasert og er ikkje heimla i lov eller forskrift. Avslag kan derfor ikkje påklagast eller ankast.