Med yrkesskade meiner vi personskade, sjukdom eller dødsfall som følgje av arbeidsulykke. Ein sjukdom kan også godkjennast som yrkessjukdom, dersom han er ei følgje av skadeleg påverknad frå arbeidsmiljøet og er ein av dei sjukdomane som er nemnde i forskrift om yrkessjukdommar.
Korleis melde frå om yrkesskade og yrkessjukdom?
Arbeidsgjevar har plikt til å sende skademelding til NAV. Dersom arbeidsgjevar ikkje har gjort dette, kan du melde skaden eller sjukdommen sjølv. Det finst fire forskjellige meldeskjema. Du finn det rette skjemaet i høgremenyen, i skjemarettleiaren eller i oversikt over skjema og vedlegg. Du kan også kontakte NAV-kontoret ditt dersom du har spørsmål eller vil ha hjelp til utfylling.
Kva skjer når NAV mottek meldinga?
NAV vil så raskt som mogleg vurdere om skaden eller sjukdommen kan godkjennast. NAV kan til støtte for denne vurderinga ha behov for å innhente dokumentasjon frå arbeidsgjevar, lege eller andre. Dette kan vere
Når NAV har ferdigbehandla saka får du eit vedtak i posten. Dersom skaden eller sjukdomen blir godkjent, vil du også motta ei orientering om stønad ved godkjent yrkesskade/yrkessjukdom.
Kva seier lova?
Det er eit vilkår at arbeidsulykka eller den skadelege påverknaden har skjedd mens du er yrkesskadedekt. Dette vil seie at du må tilhøyre ei av dei persongruppene som er nemnde i folketrygdlova §§ 13–6 til 13–13. Dei fleste arbeidstakargruppene er yrkesskadedekte gjennom arbeidsforholdet sitt (obligatorisk yrkesskadedekte). Sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar må likevel teikne friviljug trygd for å få rett til yrkesskadedekning.
Kva kan du få?
Dersom skaden eller sjukdommen blir godkjent, kan du ha krav på trygdeytingar etter gunstigare reglar enn vanleg. Dersom du får varig medisinsk mein som følgje av yrkesskade eller yrkessjukdom, kan du ha rett til meinerstatning. Les meir om "stønad ved godkjent yrkesskade", m.a. utgifter til helsetenester
Andre reglar
I tillegg til reglane i folketrygdlova ved yrkesskade kan det også utbetalast ytingar etter lov av 16. juni 1989 nr. 65 om yrkesskadeforsikring. Arbeidsgjevarar er forplikta til å teikne yrkesskadeforsikring i private forsikringsselskap.