Med yrkesskade er meint personskade, sjukdom eller dødsfall som er ei følgje av arbeidsulykke. Ein sjukdom kan også godkjennast som yrkessjukdom, dersom han er ei følgje av skadeleg påverknad frå arbeidsmiljøet og er ein av dei sjukdommar som er nemnde i forskrift om yrkessjukdommar.
Det er eit vilkår at arbeidsulykka eller den skadelege påverknaden har skjedd mens du er yrkesskadedekt. Dette vil seie at du må tilhøre ei av dei persongruppene som er nemnde i folketrygdlova §§ 13–6 til 13–13. Dei fleste arbeidstakargruppene er yrkesskadedekte gjennom sitt arbeidsforhold (obligatorisk yrkesskadedekte). Sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar må likevel teikne frivillig trygd for å få rett til yrkesskadedekning.
Arbeidsgivar har plikt til å sende skademelding til ditt lokale NAV-kontor. Dersom arbeidsgivar ikkje har gjort dette, kan du melde skaden sjølv.
Dersom skaden eller sjukdommen er godkjend, kan du ha krav på trygdeytingar etter gunstigare reglar enn vanleg. Dersom du får varig medisinsk mein som følgje av yrkesskade eller yrkessjukdom, kan du ha rett til meinerstatning. Les meir om "stønad ved godkjent yrkesskade", m.a. utgifter til helsetjenester
I tillegg til reglane i folketrygdlova ved yrkesskade kan det også utbetalast ytingar etter lov av 16. juni 1989 nr. 65 om yrkesskadeforsikring. Arbeidsgivarar er forplikta til å teikne yrkesskadeforsikring i private forsikringsselskap.