Uførepensjon skal sikre inntekt til livsopphald for deg som har fått inntektsevna varig nedsett på grunn av sjukdom eller skade.
Du må oppfylle fem vilkår for å ha rett til uførepensjon:
Dersom du har vore i arbeid, vil ein uførepensjon normalt vere aktuell først når du har gått eitt år sjukmeld og etter det har gjennomgått ytterlegare medisinsk behandling og/eller arbeidsretta tiltak.
Du kan ha rett til uførepensjon også dersom du er heimearbeidande eller aldri har vore i arbeid. For unge uføre gjeld spesielle reglar.
Du finn søknadsskjema under ”Skjema” i høgremenyen. Når du har valt rett skjema, kjem du til skjemarettleiaren. Her skal du krysse av for kva vedlegg og kva slags dokumentasjon du må leggje ved søknaden. Du får òg opp eit førstesideark. For at vi skal kunne behandle søknaden din raskt og effektivt, ber vi deg om å sende inn det som står nemnt på førstesidearket. Legg førstesidearket øvst i sendinga/brevet.
Dersom du ønskjer rettleiing eller nærmare opplysningar, kan du kontakte NAV-kontoret. Du kan òg få informasjon på servicetelefon 810 33 810. Det kan vidare vere mogleg å få heimebesøk av saksbehandlaren dersom helsa gjer det vanskeleg for deg å møte opp på NAV-kontoret.
Uførepensjon blir i hovudsak berekna på same måten som alderspensjon. Uførepensjonen består av ein grunnpensjon og ein tilleggspensjon. Den som har liten eller ingen tilleggspensjon, får særtillegg. Den som forsørgjer ektefelle/partnar/sambuar eller barn under 18 år, kan ha rett til forsørgingstillegg utanom uførepensjonen. Les meir om berekning av pensjon.
Det er òg høve til å komme tilbake til arbeid for ein kortare eller lengre periode utan å miste retten til uførepensjonen.
Du kan få barnetillegg dersom du har barn under 18 år som ikkje forsørgjer seg sjølv(e). Storleiken på tillegget er 40 prosent av grunnbeløpet for kvart barn. Barnetillegget blir redusert dersom du har mindre enn 40 års trygdetid. Tillegget kan reduserast eller falle bort dersom den samla inntekta til foreldra overstig eit fastsett fribeløp.
Du kan få ektefelletillegg for ektefelle/partnar/sambuar dersom ho eller han ikkje kan forsørgje seg sjølv. Storleiken på tillegget er 50 prosent av grunnbeløpet. Tillegget blir redusert dersom du har mindre enn 40 års trygdetid. Tillegget kan òg reduserast eller falle bort dersom inntekta di overstig eit fastsett fribeløp.
Dersom du får endringar i inntekt, familiesituasjon og/eller jobbsituasjon, eller skal opphalde deg i utlandet, kan det ha noko å seie for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du derfor straks melde frå til NAV-kontoret der du bur.
|
Jan
|
Feb
|
Mar
|
Apr
|
Mai
|
Jun
|
Jul
|
Aug
|
Sept
|
Okt
|
Nov
|
Des
|
Jan. 13
|
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 20. | 20. | 20. | 20. | 15. | 20. | 20. | 20. | 20. | 19. | 20. | 12. | 18. |