Uførepensjon kan vere aktuelt for deg som har varig nedsett inntektsevne på grunn av sjukdom eller skade.
Du må oppfylle følgjande vilkår for å ha rett til uførepensjon:
Kravet til at du må ha gjennomført behandling og arbeidsretta tiltak inneber at du må ha forsøkt all behandling som kan betre funksjonsevna og moglegheitene til å vere i arbeid. Inntektsevna må vere nedsett med minst halvparten, med unntak av ved yrkesskade då er det tilstrekkeleg med 30 prosent redusert inntektsevne.
Varigheitsvilkåret. Med «varig» meiner ein «langvarig utan betring i sikte». I praksis har varigheitsvilkåret blitt rekna til sju år eller meir. Kravet inneber også at det ikkje er utsikt til betring på sikt ved vedtakstidspunktet.
Det er først når NAV meiner desse vilkåra er oppfylte, at det kan vere aktuelt å søkje om uførepensjon.
Om du har vore i arbeid, vil ein uførepensjon først vere aktuell når du har gått eitt år sjukmeldt og etter dette har gjennomgått ytterlegare medisinsk behandling og/eller arbeidsretta tiltak. I dei fleste tilfelle vil det vere aktuelt å få arbeidsavklaringspengar (AAP) ein periode, før det er aktuelt å søkje om uførepensjon. Arbeidsevna di skal vere avklart av NAV før du eventuelt får innvilga ein uførepensjon.
Du kan ha rett til uførepensjon også om du er heimearbeidande eller aldri har vore i arbeid.
For heimearbeidande ektefelle er det evna til å utføre arbeid i heimen før du blei ufør som skal samanliknast med arbeidsevna etter du blei ufør.
For unge uføre gjeld spesielle reglar.
Om du blir ufør før fylte 26 år på grunn av ein alvorleg og varig sjukdom, skade eller lyte som er klart dokumentert, kan du ha rett til å få uførepensjon berekna etter reglane om ung ufør.
Du finn søknadskjema til uførepensjon i NAVs skjemarettleiar. I denne retteleiaren skal du krysse av for kva vedlegg og kva slag dokumentasjon du må leggje ved søknaden. Du får også opp eit førstesideark. For at vi skal kunne behandle søknaden din raskt og effektivt, ber vi deg sende inn det som står nemnt i førstesidearket. Legg førstesidearket øvst i sendinga/brevet.
Uførepensjonen er sett saman av ein grunnpensjon og ein tilleggspensjon. Den som har liten eller ingen tilleggspensjon får særtillegg berekna opp til minstepensjon. Uførepensjonen blir redusert dersom du har mindre enn 40 års trygdetid. Den som forsørgjer barn under 18 år, kan ha rett til forsørgingstillegg. Du kan også ha rett til ektefelletillegg for ektefelle/partner/sambuar som ikkje kan forsørgje seg sjølv.
Les meir om berekning av pensjon.
Om du får endringar i inntekt, familiesituasjon og/eller jobbsituasjon, eller planlegg opphald i utlandet, kan det ha noko å seie for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du derfor straks melde frå til NAV-kontoret der du bur.
Du vil normalt ha pengane på konto den 20. kvar månad, sjå meir om utbetalingsinformasjon. Du kan også sjekke utbetalingar i tenesta Dine utbetalingar.