Arbeidsavklaringspengar skal sikre deg inntekt i periodar du på grunn av sjukdom eller skade har behov for bistand frå NAV for å komme i arbeid. Bistanden kan bestå av arbeidsretta tiltak, medisinsk behandling eller anna oppfølging frå NAV.
Det er eit vilkår at du har fått arbeidsevna di nedsett med minst halvparten på grunn av sjukdom eller skade. Det sentrale er ikkje kor mykje helsa i seg sjølv er svekt, men i kva grad det påverkar moglegheitene dine til å vere i inntektsgivande arbeid.
Du kan få arbeidsavklaringspengar mens du er
Du kan òg få arbeidsavklaringspengar
Du må
Dersom du er mellom 62 og 67 år når du søkjer, må du som hovudregel ha hatt ei pensjonsgivande inntekt på minst eitt grunnbeløp (G) før arbeidsevna di blei nedsett. Det kan gjerast unntak.
Du må som hovudregel ha vore medlem i folketrygda i minst tre år før du søkjer. Har du vore arbeidsfør, er det nok at du har vore medlem i minst eitt år før du søkjer. Det kan gjerast unntak.
Dersom det er godkjent i aktivitetsplanen, kan du òg få stønad
Skal du behalde ytingar under mellombels opphald i utlandet, må du søkje om det på førehand. Opphald i utlandet må ikkje vere til hinder for oppfølging og kontroll frå NAV si side.
Arbeidsavklaringspengane utgjer 66 prosent av inntektsgrunnlaget. Storleiken på arbeidsavklaringspengane er mellom anna avhengig av
Stønaden blir utrekna per dag og blir gitt for fem dagar per veke. Forsørgjer du barn under 18 år, får du eit barnetillegg på 27 kroner per dag for kvart barn. Barn du har bidragsplikt for vert rekna som forsørgja. Får du fleire barn, må du gje skriftleg melding til NAV-kontoret ditt innan tre månader etter fødselen for å få barnetillegg frå fødselstidspunktet. Melder du frå etter at det har gått tre månader, får du tidlegast barnetillegg for det nye barnet frå dagen du melder frå.
Gjennomfører du arbeidsretta tiltak eller utgreiing, kan du òg søkje om tilleggsstønader til å dekkje
Dersom du i ein avgrensa periode har problem med å komme deg til jobb eller undervisning på grunn av sjukdom eller skade, kan du får dekt ekstra transportutgifter til dagleg reise. Du kan få det som eit alternativ til arbeidsavklaringspengar.
Kor lenge du får arbeidsavklaringspengar, er avhengig av behovet for å vere i arbeidsretta aktivitet. Som hovudregel kan du likevel ikkje få arbeidsavklaringspengar i meir enn fire år. Stønadsperioden varierer derfor frå person til person. I særlege tilfelle kan stønadsperioden forlengjast utover fire år.
Når du har blitt i stand til å skaffe deg arbeid etter gjennomført tiltak eller behandling, kan du få arbeidsavklaringspengar i inntil tre månader mens du søkjer arbeid. Du må vere registrert hos NAV som ordinær arbeidssøkjar. Dersom du har søkt uførepensjon, kan du få arbeidsavklaringspengar i inntil åtte månader mens søknaden blir behandla.
Først må du registrere deg som brukar hos NAV på nav.no – eller ved å møte fram på NAV-kontoret ditt. Der vil du også kunne få hjelp til å registrere deg elektronisk ved å bruke PC og informasjon om korleis du kan bruke PC for å sende meldekort elektronisk og leggje inn CV-en din.
Du finn søknadsskjema under ”Skjema” i menyen til høgre. Når du har valgt rett skjema, kjem du til skjemarettleiaren. I rettleiaren skal du krysse av for kva vedlegg og kva slag dokumentasjon du må leggje ved søknaden. Du får også opp eit førstesideark. For at vi skal kunne behandle søknaden din raskt og effektivt, ber vi deg sende inn det som står nemnt i førstesidearket. Legg førstesidearket øvst i sendinga/brevet”.
Du kan tidlegast få utbetalt arbeidsavklaringspengar frå og med den dagen du søkjer.
Dersom det er mindre enn 52 veker sidan sist du fekk utbetalt arbeidsavklaringspengar, kan du søkje om gjenopptak av arbeidsavklaringspengar på eit eige skjema om gjenopptak.
Du må likevel setje fram ny søknad på vanleg skjema dersom
For å få utbetalt arbeidsavklaringspengar må du sende meldekort kvar 14. dag. Du finn meir informasjon om meldekort under Relatert innhald.
Arbeidsavklaringspengane utbetalast på bakgrunn av det du oppgir på meldekortet. Er meldekortet riktig utfylt og sendt til rett tid, vil utbetalinga skje 2-3 dagar etter at meldekortet er registrert.
Arbeidsavklaringspengar blir skatta som arbeidsinntekt og er pensjonsgivande inntekt. Pengane utbetalast utan skattetrekk for to 14-dagarsperiodar i juni og for den første 14-dagarsutbetalinga i desember.
For opptening av rett til foreldrepengar, blir periodar du får arbeidsavklaringspengar likestilte med periodar du har arbeidd.
Dersom du får endringa i forhold som kan ha noko seia for den ytinga du får frå NAV, må du straks melde frå til NAV-kontoret der du bur.
Hadde du eit vedtak om attføringspengar, rehabiliteringspengar eller tidsavgrensa uførestønad som varte lenger enn 28. februar 2010, vil vedtaket ditt frå 1. mars 2010 vere overført til arbeidsavklaringspengar med overgangsreglar. Du skal i byrjinga av mars 2010 ha fått eit eige brev med informasjon om at saka di er overført til arbeidsavklaringspengar. Les meir om overgangsreglar her:
|
Yting
|
Sats per dag
|
|---|---|
| Barnetillegg per barn | 27 kr |
Satsene gjelder fra 1. januar 2013.
|
Ytelse
|
Sats per dag
|
Sats per måned
|
|---|---|---|
| Tilsynstillegg, første barn | 100 kr | 2 167 kr |
| Tilsynstillegg, øvrige barn | 54 kr | 1 170 kr |
| Borteboertillegg | 179 kr | 3 879 kr |
Tilskudd til skolemateriell. Gjelder fra 1. januar 2013 for vår- og høstsemester 2013 (10 måneder pr. år).
|
Skoleslag
|
Full sats
|
Halv sats
|
|---|---|---|
| v/videregående skole | kr 3 590,- | kr 1 795,- |
| v/høgskole/universitet/fagskole | kr 7 180,- | kr 3 590,- |