Tilretteleggingsgaranti er ei ordning for å auke yrkesdeltakinga for personar med redusert funksjonsevne. Ordninga er landsdekkande frå 2008.
Tilretteleggingsgaranti er ei ordning som skal sikre arbeidstakar og arbeidsgjevar tryggleik for at personar med redusert funksjonsevne får nødvendige hjelpemiddel, tilrettelegging og oppfølging.
Både enkeltpersonar og bedrifter kan nytte ordninga, som er ein førehandsgaranti for tilrettelegging og oppfølging på arbeidsplassen.
Garantien kan gjelde alle NAV sine støtteordningar, og gjev klare tidsfristar for saksbehandlinga i NAV.
Garantien kan gjevast til verksemder, arbeidssøkjarar og personar som i dag er i jobb.
Garantien forpliktar NAV som heilskap. Alle einingar som skal gje service/bistand er forplikta av garantien, dvs. NAV-kontor, Arbeidslivssentra og Hjelpemiddelsentralane.
Kome i gang
For meir informasjon om tilretteleggingsgarantien kan du kontakte ditt lokale NAV-kontor, NAV Arbeidslivssenter eller NAV Hjelpemiddelsentral
Ein ny måte å arbeide på
Tilretteleggingsgarantien er ein ny måte å arbeide på for å gje bistand til funksjonshemma som treng tilrettelegging for å kome i eller behalde arbeid.
Tilretteleggingsgarantien omfattar alle verkemiddel og tiltak, og er ein skriftleg servicegaranti som forpliktar NAV til å gje rask saksbehandling og tilpassa oppfølging til deltakarar og arbeidsgjevar.
Innhaldet i tilretteleggingsgarantien
Garantien skal gje tryggleik for at brukaren får nødvendig bistand frå NAV. Målgruppa er arbeidstakarar og arbeidssøkjarar med redusert funksjonsevne og arbeidsgjevarar som tilset ein frå disse gruppene. Tiltak og hjelpemiddel skal verte innvilga og sett i verk så tidleg som mogleg.
Det skal gjevast ein skriftleg garanti i kvart enkelt tilfelle.
Eksempel på element i garantien:
Brukaren skal ha ein kontaktperson i NAV med ansvar for oppfølginga