Du skal søkje jobb og veit ikkje heilt kvar du skal begynne. Det er mange måtar å finne dei ledige jobbane på.
NAV rår deg til å føre jobblogg for å ha system på kva for jobbar du har søkt på. NAV gjev tips og rettleiing om jobbsøking.
Korleis finn du ledige jobbar?
- På nav.no finn du den mest fullstendige oversikta over ledige jobbar i landet Nye jobbar blir lagt til heile dagen.
- Jobbmail-tenesta på nav.no sender fortløpande ei oversikt over stillingar som er tilpassa kompetansen din til e-postadressa
di.
- Det finst mange andre stillingsbasar på Internett der du kan finne ledige jobbar. Lag di eiga oversikt over nettstader som
passar deg best.
- Ring eller oppsøk arbeidsgjevar direkte, sjølv om dei ikkje har lyst ut ledig jobb.
- Følg med i aviser og tidsskrift.
- Følg med på heimesidene til bedriftene.
- Bruk alle nettverka dine.
- Kontakt vikarbyrå.
- Bruk gule sider til å finne gode oversikter over bransjar og regionar.
- Delta på jobbmessene som NAV har. Her møter du arbeidsgjevarar ansikt til ansikt.
- Mange høgskular og universitet arrangerar eigne karrieredagar.
Korleis finn arbeidsgjevar deg?
- Når du registrerar CVen din på nav.no er det enkelt for arbeidsgjevarar å ta direkte kontakt med deg. Denne tenesta er åpen for alle og du kan bruke
ho utan å vere brukar hos NAV. Det er viktig at du lagar ein god og fullstendig CV. Jo meir du fyller ut, desto større sjanse
er det for at arbeidsgjevarar vil ta kontakt med deg. På Ditt NAV får du di eiga side. I tillegg til å oppdatere CVen og få førespurnader frå arbeidsgjevarar kan du òg abonnere på nye stillingsannonsar
her. Du logger deg inn på Ditt NAV ved hjelp av MinID.
- Dei fleste andre stillingsbasar gir òg moglegheit til å leggje ut CV.
- Du kan sende ein open søknad til ein bedrift sjølv om det ikkje er lyst ut nokon ledig stilling. Her fortel du at du er interessert
i å jobbe i bedrifta slik at arbeidsgjevar blir merksam på deg når det blir noko ledig. Mange bedrifter lagrar slike opne
søknader.
- Ring eller oppsøk arbeidsgjevarar direkte og spør etter jobb.
- Fortel alle du kjenner og nettverka dine at du leitar etter jobb.
- Søk på utlyste jobbar
Jobbe som vikar
Det er mange gode grunnar til at du bør ta ein vikarjobb:
- Du får meir arbeidserfaring og får prøvd deg i arbeidslivet
- Når du allereie har jobb, får du lettare ny jobb
- Det er mange fleire kortvarige jobbar enn faste jobbar
- Eit vikariat kan føre til fast jobb
Jobb i utlandet
- På nav.no finn du ledige jobbar i Europa og resten av verda
- Bruk eures.no for tips og råd om jobbsøk i utlandet