Målet med jobbsøknaden er at du skal bli innkalla til intervju. Jobbsøknaden er det første inntrykket arbeidsgjevar får av
deg, derfor løner det seg å leggje mykje arbeid i å lage ein god søknad.
NAV rår deg til å føre jobblogg for å ha system på kva for jobbar du har søkt på. NAV gjev tips og rettleiing om jobbsøking.
Analysere stillinga
Søknaden du skriv må vere eit direkte svar på utlysingsteksten. Du må derfor gå gjennom teksten nøye for å sjå om du fyller
krava til stillinga og tenkje nøye gjennom korleis du kan vise dette i søknaden.
Tips for søknadsskriving
- I jobbsøknaden skal du fortelje arbeidsgjevar om deg sjølv og kvifor du er rett person for jobben.
- Søknaden skal vere kort og poengtert
- Legg mest vekt på kvifor du søkjer jobben, kvifor du bør tilsettast og kva du kan tilføre verksemda. Få fram dine sterke sider.
- Skriv ein ny søknad til kvar jobb du søkjer. Du kan godt bruke dei same formuleringane, men søknaden må tilpassast kvar nye
stilling du søkjer på.
- Søknaden må vere ryddig i form og innhald og bør maksimalt vere på ei side.
- Skriv enkelt og naturleg og unngå sjølvfølgjar og for mykje detaljert informasjon. Faktainformasjon om studiepoeng og kurskoder
høyrer heime i CVen.
- Fokuser på kva du kan og ikkje kva du manglar av kvalifikasjonar.
- Les nøye korrektur og sjekk spesielt at verksemda og namnet på kontaktpersonen er skrevet riktig. Skrivefeil gjer eit dårleg
inntrykk.
- Få nokon andre til å lese gjennom søknaden før du sender den. Dei kan sjå feil du ikkje har lagt merke til.
Slik skriv du ein god søknad
Skriv ei kort innleiing
- Her skriv du kvar du har funne den ledige jobben
- Fortel kvifor du har lyst på akkurat denne jobben
- Korleis bakgrunnen din har stor verdi og betyding for arbeidsgjevar
- Korleis kvalifikasjonane og erfaringa di oppfyller krava arbeidsgjevar stiller
- Kva du har utretta så langt og kva relevans dette har for jobben
- Kva for spesielle erfaringar og eigenskapar du har
Skriv ei kort avslutning
- Hugs å opplyse om at du kan gje meir informasjon på telefon eller på eit intervju.
Bilete
Nokon velgjer å sende med bilete i søknaden. Dette er vanleg i mange land, men ikkje så vanleg i Noreg.
Her finn du eksempel på korleis du kan skrive ein god jobbsøknad
Dette må du gjere før du sendar søknaden og CVen
- Les gjennom søknaden din. Verker han overbevisande?
- Er CVen oversiktleg og fullstendig?
- Har du merkt søknaden med riktig referansenummer dersom det er oppgitt eit referansenummer i annonsen?
- Har du fått attesterte kopiar av vitnemål og attestar, dersom arbeidsgjevar har bede om det?
- Dersom søknaden skal sendast i posten må du sørgje for at konvolutten er merkt slik det står i annonsen
Når søknaden og CVen er sendt må du
- vere tilgjengeleg på telefon
- sjekke e-posten din ofte
Arbeidsgjevarar sendar som regel ei stadfesting på at dei har motteke søknaden. Dersom du ikkje har høyrt noko innan to-tre
veker etter søknadsfristen, kan du kontakte arbeidsgjevar for å høyre kor langt dei er komne i tilsettingsprosessen.
Open søknad
Du kan sende ein jobbsøknad sjølv om arbeidsgjevar ikkje har lyst ut nokon ledig jobb. Dette kallest ein open søknad. Det
er fleire grunnar til at det kan vere lurt å sende ein open søknad
- Arbeidsgjevar kan ha behov for folk, men har ikkje hatt tid til eller ønskje om å lyse ut stillinga.
- Du slepp å vere ein blant mange søkjarar.
- Dersom du ikkje får jobb der og då, beheld kanskje arbeidsgjevar søknaden din til seinare. Mange bedrifter lagrar slike opne
søknader.
- Kanskje tipsar arbeidsgjevaren andre arbeidsgjevarar om deg.
Slik går du fram:
- Innhent informasjon om aktuelle bedrifter frå bedriftene sine heimesider, gule sider og nettverket ditt.
- Du kan òg ringje bedrifta og spørje om det er i orden at du sender ein open søknad.
- Etter at du har sendt søknaden kan du ringje og spørje om du kan få kome og presentere deg. Ver godt førebudd til møtet.
- Det er ikkje sikkert du får tilbod om jobb der og då, men avtal korleis de skal holde kontakten vidare.
- Somme store bedrifter har elektronisk registrering av opne jobbsøknader på heimesida si.