Når du er innkalla til eit intervju, reknar arbeidsgjevar deg førebels som kvalifisert til stillinga. Det løner seg å stille godt forberedt.
Skaff deg god kjennskap til bedrifta:
Les gjennom stillingsannonsen, søknaden og CVen på nytt før intervjuet
Sjølve intervjudagen
Slik kan eit intervju gå føre seg:
Du vil møte mellom to og fem personar – dei har som regel ulike roller i bedrifta. Arbeidsgjevar opnar med å fortelje om bedrifta og den ledige jobben. Dersom det er informasjon som du på førehand ikkje har fått svar på, kan du spørje om dette under intervjuet. Eksempel på dette kan vere om arbeidsoppgåver, utviklingsmoglegheiter og arbeidsmiljø. Eit intervju varer vanlegvis 45-90 minuttar.
Somme gonger kan du bli spurt om å gå gjennom ein personlegdomstest.
Einskilde arbeidsgjevarar intervjuar kandidatar i grupper, men det får du vanlegvis beskjed om på førehand.
Du presenterer deg, og arbeidsgjevar stiller deg spørsmål. Under finn du nokre av dei spørsmåla det er vanleg å stille under eit intervju. Du kan òg få andre spørsmål, og det er heller ikkje slik at arbeidsgjevar alltid stiller alle desse spørsmåla. På førehand må du ha tenkt gjennom korleis du vil svare.
Etter intervjuet
Send gjerne ein e-post der du takkar for eit hyggeleg intervju.
Du kan ringje etter om lag 14 dagar dersom du ikkje har høyrt noko frå arbeidsgjevar.
Ikkje mist motet sjølv om du ikkje fikk jobben. Gløym ikkje at når du blei innkalla til intervju, rekna arbeidsgjevar deg som kvalifisert til stillinga! Det er god trening i å gå på intervju. Du kan ha gjort eit flott inntrykk sjølv om du ikkje fekk jobben.
Du kan kontakte den du var til intervju hos og spørje om kvifor det ikkje blei deg.