Tilsette i statlege verksemder som utan skyld blir oppsagde, kan få ventelønn.
Du må vere tilsett i staten og ha fått oppseiing på eitt av desse grunnlaga:
Vidare blir det stilt krav om
Sender du inn søknaden seinast to månader før du sluttar, vil NAV Ventelønn garantere utbetaling av ventelønn frå første månad etter at utbetaling av ordinær lønn er stansa.
Søknaden skal sendast av arbeidsgivar til:
NAV Ventelønn
Postboks 7062, St. Olavs plass
0130 Oslo
Vedtaket kan påklagast og skal sendast til NAV Ventelønn. Dersom du ikkje får medhald i klagen, blir han send til NAV Klage og Sør.
Dette kan du gjere sjølv
Vanlegvis vil du ikkje ha rett til dette, men supplerande dagpengar frå NAV kan likevel bli utbetalte samtidig med ventelønn dersom dagpengar vil gi deg ei høgare utbetaling enn ventelønn. Ventelønn gir ikkje grunnlag for seinare utbetaling av dagpengar.
Ventelønna blir regulert i det generelle tillegget som blir avtalt i det sentrale lønnsoppgjeret i staten kvart år. Endringar i lønnsplasseringa for stillinga som blir gjorde etter at du har slutta i stillinga, vil det såleis ikkje bli teken omsyn til.
Dette gjeld også for arbeidstakarar frå omdanna verksemder. Ventelønn blir regulert i høve til lønnsoppgjeret i staten kvart år (statleg lønnsregulativ), sjølv om du er lønna i eit anna system når du sluttar i stillinga.
Ventelønn blir skattlagd som vanleg arbeidsinntekt og blir utbetalt forskottsvis den 12. i kvar månad via bank eller post.
Dersom ein ikkje har sendt inn skattekort, blir ein trekt 50 prosent i skatt.
Endrar du bankkonto, må du melde frå om dette skriftlegg til NAV Økonomitjeneste, adr: Sognefjordvegen 56, 6863 Leikanger.
Det er avhengig av alderen din når du sluttar, men kan ikkje bli utbetalt for lengre periode enn den faktiske tenestetida di i staten.
Maksimal ventelønnsperiode for ein tenestemann blir fastsett ut frå alder på fråtredingstidspunktet etter denne skalaen:
*Ventelønn blir maksimalt utbetalt til du har krav på alderspensjon.
Som hovudregel blir ventelønn innvilga for eitt år. Utover dette må du sende ein ny søknad som blir vurdert på ny.
NAV Ventelønn sender ut ei påminning og eit søknadsskjema i god tid før du skal søkje på nytt.
Du må oppfylle vilkåra for å få ventelønn. Gjer du ikkje det, fell retten til ventelønn bort permanent eller mellombels.
Meld frå om endringar
Dersom du får endringar i inntekt, familiesituasjon og/eller jobbsituasjon, eller skal opphalde deg i utlandet, kan det ha noko å seie for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du derfor straks melde frå til NAV-kontoret der du bur.