Arbeidsretta tiltak er eit verkemiddel for å hjelpe arbeidssøkjarar ut i jobb. Deltek du på eit arbeidsretta tiltak, har du rett til enkelte økonomiske ytingar.
Basisyting og barnetillegg skal dekkje utgiftene dine til livsopphald og blir gitt for dei dagane du er med på tiltaket. Du kan få barnetillegg for barn under seksten år som du forsørgjer. Du må leggje fram fødselsattest eller bustadbevis for å ha rett til barnetillegg.
Du kan få tilleggsstønader til å dekkje ekstrautgifter du har i samband med tiltaket. Du må dokumentere utgiftene.
Du har ikkje rett til desse ytingane dersom du
Barnetrygd, kontantstøtte og barnepensjon verkar ikkje inn på retten til ytingar under gjennomføring av tiltak.
Dersom du ved tiltaksstart tek imot eller har søkt om dagpengar, kan du velje om du ønskjer å få dagpengar eller stønader ved tiltak. Får du dagpengar under tiltak, kan du få tilskott til dekning av reiseutgifter, men ikkje andre tilleggsstønader.
Dersom du er med i tiltak gjennom Kvalifiseringsprogrammet, vil du motta kvalifiseringsstønad i staden for basisyting og barnetillegg. Men du kan søkje om tilleggsstønader som nevnt ovanfor til dekkjing av dokumenterte ekstrautgifter du har i samband med tiltaket.
Når du startar på tiltaket, får du utdelt eit kravskjema om stønader ved tiltak (individstønad).
Klagen skal vere skriftleg og leverast eller sendast ditt lokale NAV-kontor. NAV-kontoret kan hjelpe deg med å skrive klagen. Du må halde fram med å sende inn meldekort sjølv om du klagar.
Fristen for å klage er seks veker rekna frå den dagen vedtaket kom i postkassa di.
Dersom du får medhald i klagen din, får, får du etterbetalt ytingar berre for dei dagane du har vore registrert som reell arbeidssøkjar. Du må også fylle dei alminnelege vilkåra for ytingane.
Basisytinga er avhengig av alderen din på søknadstidspunktet. Du får høg sats om du er over nitten år, og låg sats om du er under nitten år. Sjå satsar nedanfor.
Du får utbetaling for dei dagane du deltek på tiltak, og dessutan for heilagdagar i samband med jul, nyttår, påske, pinse, 1. og 17. mai og Kristi himmelfartsdag når desse fell på dagar som normalt ville ha vore tiltaksdagar.
Ytingar som blir utbetalte på grunnlag av opplysningane på meldekortet, får du utbetalt om lag to til fire dagar etter at meldekortet ditt er registrert hos NAV. Dette gjeld basisyting, barnetillegg, tilskott til daglege reiser, tilsynstillegg og bortebuartillegg.
Alle ytingar blir utbetalte når NAV har fått tilstrekkeleg dokumentasjon til å gjere ei vurdering og utbetaling.
Andre ytingar som er nemnde her, er skattefrie, og er ikkje pensjonsgivande inntekt.
Du mistar tiltaksplassen dersom du
Du mistar også retten til ytingar.
Andre ordningar som kan vere aktuelle
Dersom du får endringar i forhold som kan ha verknad for ytelsen du får utbetalt fra NAV, må du straks melde frå til NAV.
Sist endra 1. januar 2012
|
|
Sats (per dag)
|
|---|---|
| Basisyting, låg sats | 227 kr. |
| Basisyting, høg sats | 313 kr. |
| Bortebuartillegg | 173 kr. |
| Barnetillegg | 40 kr. |
| Tilsynstillegg, første barn | 97 kr. |
| Tilsynstillegg, to eller fleire barn | 52 kr. |
| Tilskott til daglege reiser (maksimalsats) | 173 kr. |
Sist endret 1. januar 2012
|
|
Sats
|
|---|---|
| Reisehjelp (egenandel) | 455 kr. |
| Flyttehjelp (egenandel) | 2 815 kr. |