Ordninga dekkjer uteståande lønnskrav o.a. dersom arbeidsgivaren går konkurs. Likestilt med konkurs er offentleg skifte av insolvent dødsbu, tvangsavvikling og offentleg administrasjon av forsikringsselskap eller bank.
Med verknad frå 1.1.2013 er dekningsområdet for lønsgarantiordninga utvida. Les meir under Relatert informasjon til høgre i lenkjene «Regelendringar 1.1.2013».
Ordninga omfattar arbeidsforhold der ein skal betale arbeidsgivaravgift til folketrygda. Dekninga gjeld ikkje
Du må melde deg som arbeidssøkjande på NAV-kontoret dersom du ikkje er i jobb etter konkursopning. Det må du gjere innan 14 dagar etter at du har fått melding frå bustyrar om at buet ikkje trer inn i arbeidsavtalen, dersom du søkjer å få dekt krav for denne perioden. Du må stå tilmeld NAV i heile søknadsperioden. Det er ikkje krav om at du kan få eller får dagpengar.
Så sant du har eit uteståande krav mot arbeidsgivaren, kan du få dekt
Maksimal dekning er avgrensa til eit bruttobeløp som svarer til to gonger grunnbeløpet til folketrygda på fristdagen. Rimelege kostnader ved fremjing av konkurskrav kjem i tillegg.
Det blir gjort frådrag i kravet dersom du har hatt anna inntekt i søknadsperioden som kjem i staden for inntekt hos tidlegare arbeidsgivar. Forskotterte dagpengar blir trekte frå før ei eventuell utbetaling til deg.
Du må fylle ut søknadsblankett A (melding av lønnskrav o.a. til konkursbuet). Tingretten kan oppgi kven som er bustyrar, og bustyraren pliktar å hjelpe deg dersom du har spørsmål til utfyllinga. Kven som er oppnemnd som bustyrar, kan du òg finne ved å søkje på firmanamnet i Brønnøysundregistra, www.brreg.no.
Det er viktig å halde fristen som tingretten har sett for å melde krav i buet. NAV Lønnsgaranti skal likevel behandle kravet dersom det er skriftleg meldt for bustyraren før bubehandlinga er avslutta, eller dersom bubehandlinga er avslutta eller kravet er motteke av bustyraren eller NAV innan seks månader etter konkursopninga.
Kvar leverer du søknaden?
Blanketten skal sendast til bustyraren.
Bustyraren vurderer og kontrollerer krava og sender innstillinga si til NAV Lønnsgaranti for avgjerd.
Målet vårt er at 80 prosent av sakene skal behandlast innan to månader.
Behandling hos NAV Lønnsgaranti kan få tre utfall: Krava kan bli godkjende, dei kan bli avslått, eller vi kan utsetje den vidare behandlinga mens vi ventar på fleire opplysningar frå bustyraren. Vi sender brev til bustyraren, som så informerer deg om utfallet av behandlinga.
Dersom du får avslag, kan du klage. Klagefristen er tre veker frå du fekk avslaget, og klagen skal sendast til NAV Lønnsgaranti. Dersom vedtaket er endeleg, blir saka send vidare til Arbeidsdepartementet.
Dersom krava blir godkjende, blir lønnsgarantimidlane overførte til bustyraren. Bustyraren overfører pengane til søkjaren, med frådrag for pliktige trekk, til dømes skatt og forskotterte dagpengar.