For å vere registrert som arbeidssøkjar eller for å motta dagpengar, arbeidsavklaringspengar og stønader ved tiltak (individstønad) må du jevnlig halde NAV orientert om din situasjon. Det gjer du ved å fylle ut og sende inn meldekort kvar fjortande dag.
Kva er eit meldekort?
Meldekortet er ei eigenerklæring om kva du har gjort dei siste 14 dagane.
Kvifor skal du sende meldekort?
Korleis skal du sende meldekort?
Meldekort kan sendast elektronisk via Internett eller i posten. Dei fleste sender i dag inn meldekort elektronisk via Internett. I nettløysinga er det innlagte kontrollar og hjelpetekstar som gjer det lettare å fylle ut kortet korrekt. I tillegg vert pengane raskare utbetalt og du sparer porto. For å sende meldekort på Internett må du vere registrert som brukar av Din side på nav.no
Kontakt
Kontakt NAV Servicesenter på tlf. 800 33 166 dersom du har spørsmål om utfylling eller sending av meldekortet.